Gå til sidens hovedinnhold

– Godt utført elevarbeid på kvilebu til Kavlvegen kultursti

Ein triveleg plass å ete turmaten sin på er viktig for både store og små.

Til Kavlvegen kultursti i Surnadal blir det no bygd ei flott kvilebu. Kavlvegen kultursti har formidlingsaktivitet og overføring av tradisjonskunnskap som ein viktig kjerne. I fjor deltok både lokale grunnskuleelevar og bachelorstudentar frå NTNU i ulike tradisjonsborne arbeidsprosessar i regi av prosjektet.

I år er det elevar frå byggteknikk ved Surnadal vidaregåande skule som har vore involvert. Kvilebua blir bygd på gamlemåten med tradisjonell lafting for hand. Stokkane er av gild furu som er henta ut frå Svinvik-garden. Saman med faglærar Johan Almås og tradisjonshandverkar Torgeir Leivdal la elevane ned ein stor innsats før landet stengte ned grunna korona. På grunn av stengte skular mista elevane den tilmålte tida dei hadde i undervisningsplana si i vår til å bli med på sette opp laftet.

Denne hausten var det ikkje tidsrom i elevane si læringstid på skulen til å arbeide med kvilebua. For å sikre tømmer og framdrift, vart arbeidet flytta til Åsen bygdemuseum kor lærebedrifta Husasnotra ved Geitbåtmuseet Nordmøre Museum no arbeider vidare med laftinga.

Elevane kom denne veka på ei kort befaring på Åsen for å sjå byggverket ta form. Det var frykteleg synd at dei gjekk glipp av denne delen av arbeidet, men det kjem ei ny mulegheit etter endt eksamen til våren. Planen er at elevar frå byggteknikk skal få vere med å sette opp kvilebua når konstruksjonen skal flyttast og settast opp ved Lomtjønna i året som kjem.

– Det er ingenting elevane set meir pris på enn å få vere med og arbeide utandørs og bygge noko ferdig, seier lærar Johan Almås.

Elevane fekk også mykje skryt av Torgeir Leivdal.

– Det er eit godt stykke arbeid elevane har gjort.

– Blemmane i hendene våre har grodd sidan sist, bemerka ein av elevane tørt.

Han sikta til påkjenninga i nevane etter all barkinga med øks.

Kvilebua med benkar og grillplass blir ein formidlingsarena med informasjonstavler som fortel om bygginga av både den nye og den gamle kavlvegen, om historisk jakt og dyreliv i Trollheimen, om Surnadal i middelalderen og lokal handverkstradisjon. For ettertida vil vi henge opp ei takketavle på veggen i kvilebua med namn på lokale elevar og bidragsytarar. Det blir ekstra stas å kunne kjenne att namn på lokale personar for besøkande i framtida.

Kommentarer til denne saken