Gjemnes må ha kulturleiar i full stilling

Kulturleiar i Gjemnes, Olav Bjørn Nilssen, har blitt pensjonist. Gjemnes historie- og museumslag fryktar at kulturarbeidet i i kommunen i tida som kjem kan bli «venstrehåndsarbeid».

Kulturleiar i Gjemnes, Olav Bjørn Nilssen, har blitt pensjonist. Gjemnes historie- og museumslag fryktar at kulturarbeidet i i kommunen i tida som kjem kan bli «venstrehåndsarbeid». Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Til kommunestyrerepresentantane i Gjemnes:

Gjemnes Historie- og Museumslag er som namnet seier opptekne av å ta vare på vår lokale historie. Vi trur at det er viktig for vår lokale identitet at vi kan sjå dagens samfunn i lys av vår historie. Det er på den måten vi kan ta vare på det beste i vår kulturarv når vi skal ruste oss for framtida.

Etter ei tid med stor usikkerheit vart det klårlagt at Gjemnes skal få halde fram som eigen kommune. Vi har no lagt bak oss det første året i den nye kommunestyreperioden. Viktige investeringar er i ferd med å bli gjennomført når det gjeld skule, helse og omsorg. Alt dette er viktig for at Gjemnes framleis skal vere ein god kommune for oss som bor her.

I tillegg til gode bygningar og gode kommunale tenester er det den enkelte av oss sitt engasjement som viktig for det gode liv i ein kommune, slik det kjem til syne gjennom frivillig arbeid i ulike lag og organisasjonar. Om vi blar i vår lokale historie så ser vi kor viktig samspelet mellom kommune og det frivillige kulturlivet har vore og er. Dette takka vere at kommunen har hatt kulturleiar i full stilling som har vore det viktige bindeleddet. Dette har utløyst kreativitet, slik at få kommunale kroner kan rekke langt når dei blir kombinert med frivillig arbeid.

Kommunestyret står no framfor budsjettarbeidet for neste år. I året som har gått har kulturleiaren blitt pensjonist. Dette har ført til ei omorganisering som lett kan føre til at kulturarbeidet kan bli «venstrehandsarbeid», som igjen kan føre til at det verdifulle samspelet mellom kommune og frivillig kulturarbeid blir skadelidande.

Dette må ikkje skje. Vi ber om partigruppene no gjer felles sak i budsjettarbeidet og slår fast at Gjemnes kommune framleis skal ha kulturleiar i full stilling. Det er betre å vere føre var enn etter snar.

Dette skrivet er handsama av styret i Gjemnes historie- og museumslag på møte den 12. oktober med samrøystes godkjenning.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken