Gå til sidens hovedinnhold

– Gir blaffen, når det finnast ei fullgod løysing

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Spørsmål til fylkesutvalet, Bakke, Theodorsen og Høie:

Stortinget har bedt om at fødeavdelinga ved det godt vedlikehalde sjukehuset i Kristiansund vert vidareført inntil nytt sjukehus på Hjelset er i drift. På denne bakgrunnen ber fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune helseføretaket om at både fødeavdelinga i Molde og i Kristiansund vert halde åpne i medhald av Stortinget sitt vedtak. Men Stortinget sitt vedtak seier ingenting om at fødeavdelinga i Molde skal haldast åpen. «Stortinget ber regjeringen følge opp anmodningsvedtak 750 (2017–2018), og sørge for at fødeavdelingen i Kristiansund består inntil fødeavdelingen i det nye sykehuset på Hjelset er i drift.»

Med grunngjevinga for å stengje fødeavdelinga i Kristiansund friskt i minne, og med grunngjevinga for å byggje nytt sjukehus at sjukehuset i Molde ikkje fyller dagens krav til bygningsmessig standard i mente, kvifor ber fylkesutvalet om at fødeavdelinga i Molde skal haldast åpen når den åpenberre løysinga er å stengje denne mellombels for å etterkome Stortinget sitt vedtak om å la fødeavdelinga i Kristiansund bestå, og det ikkje er mogeleg å halde begge avdelingane åpne? Kanskje ville alternativet med ei stengd fødeavdeling i Molde motivert helseføretaket til å finne ei god løysing i samarbeid med dei tilsette?

Dette er spørsmål som også adm. dir. Øyvind Bakke, styreleiar Ingve Theodorsen i helseføretaket og helseminister Høie bør svare på. Betyr eit stortingsvedtak så lite, at de, utan å blunke, gir blaffen i det når det finnast ei fullgod løysing i tråd med Stortinget sin vilje? Skuldar de på dei tilsette ved fødeavdelinga i Molde for dykkar neglisjering av Stortinget?

Kommentarer til denne saken