Gå til sidens hovedinnhold

Gamle Nordmør i kjømda

No dukkar årets «Gamle Nordmør» opp i hyllene. For tiande gong gir Bøfjorden Historielag ut årbok med lokal historie og kulturstoff frå heile Nordmøre.

Rett nok får bygda sitt eige idrettslag brei omtale denne gong: Boka opnar med artige glimt frå Bøfjord Idrettslags 75-årige historie. Men heile distriktet, frå Averøy og Kristiansund til Rindal og Todalen, er godt synleg mellom permane.

Røtene våre

«Gamle Nordmør» ønskjer å gi både underhaldning og basiskunnskap om historia som ligg bak dagens lokalsamfunn, å vise røtene vi er runne av.

Kva betydde 100 år med «dampen» for samkvemet mellom nordmøringane? Korleis kom posten fram i gamle dagar? Kva hadde Kvernes og presteskapet «Syvstjernen» å seie for skulegangen vår? Visste du at Todalen starta ei av landets første misjonsforeiningar i 1845 og som enno er aktiv?

Variert lesnad

Dramatisk kurértrafikk under krigen, utviklinga av landbruket og revolusjonen med traktor i staden for hest, gamle naust i Halsa, barndomsminne frå 1950-åra, snurparen «Sea Lord» og Surna Billag – som vart dagens «Fram», er variert lesnad.

Dei 190 bileta i boka både illustrererer artiklane og gir glimt av samfunn og arbeidsliv, musikk, skulemiljø og av korleis «gamle grenda» såg ut.

Diktet «Blåfjellrennet» vekkjer muntre minne. Og visste du at tonen til nummer 247 i salmeboka stammar frå heimen Breidablikk attmed ferjeleiet på Kvanne?

Godbitar frå Riksarkivet

Kva fann Bondeparti-leiar og Nationen-redaktør Hans Holten frå Bøverdalen da han dukka ned i Riksarkivet hausten 1940? Vi kan røpe noko: Pikante rettssaker, ukjent gardshistorie og eventyrlege skildringar av korleis folk på indre Nordmøre hadde det i riktig gammel tid.

Dette og mykje anna er å finne på dei 88 sidene i «Gamle Nordmør 2021».

Kommentarer til denne saken