Gå til sidens hovedinnhold

Fyll ferien - med gode offentlege opplevingar

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I sommar håper vi verkeleg at det vert lov å møtast ute, i parkar, på badestrender og i på uteplassar rundt om i heile det flotte landet vårt.

Korleis skal vi tenkje at barn og unge skal få nyte denne sommaren?

Ei undersøking som Norsk Gallup gjorde på oppdrag frå organisasjonen IOGT i 2018 viser at 56 prosent meiner at det vert drukke for mykje alkohol i sommarferien når barn er til stades. Kva tenkjer du om det?

Ei anna undersøking som Ipsos MMI gjorde i 2015 på oppdrag frå organisasjonen av-og-til syner at 19 prosent av oss har opplevd andre foreldre berusa sist dei var på sommarferie saman med barn. 7 prosent oppgjev at dei sjølve var berusa.

Er det ei privatsak korleis ein legg til rette for at offentlege møtestadar der barn og vaksne ferdast i lag skal tilretteleggjast for gode aktivitetar? Eller er det ei offentleg sak? Alkohollova vår seier noko om dette i § 8-9 om serverings- og drikkeforbod. Det er nemleg forbod mot å drikke alkohol på offentleg stad, på gater, torg, vegar, i parkar og andre offentlege stadar.

I sommarferien får vi vanlegvis andre opplevingar enn elles i året, ved at barn og vaksne ofte har høve til å vere meir saman over tid, om ein då ikkje har heimekontor. Det handlar om å skape gode feriedagar, som igjen kan gje gode opplevingar og gode minne i oppveksten til dei unge.

IOGT har i fleire år hatt ein sommarkampanje som heiter «Fyll ferien», der målet er å fylle sommarmånadene med gode rusfrie opplevingar når vaksne er saman med barn og unge.

Barn trivst best med edru vaksne. Vi håper sommaren 2021 går over i historiebøkene som den sommaren der edruelege vaksne fylde parkane, badestrendene og utestadane med gode aktivitetar! God sommar!

Kommentarer til denne saken