Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Når skal politikarar og direktør i fylkeskommunen vår innsjå kor store økonomiske innsparingar Romsdalsaksen vil medføre for fylkesøkonomien?
Ei nødvendig framtidig byggjing av eit tilleggsløp i Fannefjordtunnelen, ELLER EI BRU OVER FANNEFJORDEN, som vil bli bygd og betalt av Staten dersom Romsdalsaksen blir bygd i staden for Møreaksen! Og som sikrar det best tenkjelege fergefrie sambandet både langs E39 og E6! Kva seier de til det? Har de råd til å sjå bort ifrå ei slik avlasting på ein anstrengt fylkeskommuneøkonomi, som også inkluderer trafikkmessig og drifts- og vedlikehaldsmessig avlasting på fylkesveg 64 Åfarnes-Åndalsnes?
Dei faglege grunnane som talar for Romsdalsaksen er for mange til at eg får plass i dette innlegget.
Når det gjeld Otrøya og Aukra kommune, så var det synd at de satsa på E39 i staden for å kome før Nordøyvegen med eit fylkeskommunalt fastlandssamband. Men kanskje er det ikkje for seint?
Kommentarer til denne saken