Fylkeskommunen avlyser alle møter med mer enn 15 deltakere

Møre og Romsdal fylkeskommune gjør en rekke tiltak for å hindre spredning av koronaviruset.

DEL

I en pressemelding opplyser fylkeskommunen at det er satt krisestab og at det innføres en rekke tiltak for å hindre smitte og spredning av viruset.

Dette er tiltakene:

Stopp for alle reiser

«Sist veke vart det innført reisestopp for alle utanlandsreiser for elevar og tilsette. Dette betyr mellom anna at skoleturar dessverre må avlysast så lenge forbodet varar. I dag er det vedtatt stopp for alle tenestereiser i både inn- og utland. Berre heilt nødvendig tenestereiser innanlands kan bli godkjent».

Skal holde seg hjemme

«Alle tilsette og elevar som har vore og no kjem heim frå utlandet, skal halde seg heime i 14 dagar. I denne perioden skal tilsette, skal så langt det er mogeleg, arbeide heimanfrå og elevar få tilrettelagt undervisning».

Større arrangementer og møter blir avlyst

«Fylkeskommunale møte og arrangement med fleire enn 15 deltakarar blir avlyst. Dette gjeld også deltaking på eksterne arrangement, der det er tenkt at tilsette og elevar skal delta».

Undervisning på videregåande skoler

«Skole og undervisning blir inntil vidare gjennomført, i tråd med nasjonale retningslinjer»

Gjennomføring av politiske møter

«Politiske møte blir gjennomført med maks 15 personar til stades. Møta vil bli streama på mrfylke.no/streaming».

Råd for tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune:

«Inntil vidare blir tilsette oppfordra til ikkje å reise til utlandet på ferie. Tilsette blir i fritida oppfordra til å ikkje delta på arrangement med større folkemengder. Bruk av heimekontor skal vurderast for tilsette i risikogrupper, eller som har risikogrupper i husstanden sin. Dette skal vere avtalt med næraste leiar».

Artikkeltags