Fylkesadministrasjonen esar ut

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Medan SP og AP kuttar over 20 mill Kr i ferjedrifta, kuttar over 20 mill i vidaregåande skular, aukar dei samtidig fylkesadministrasjonen i fylkeshuset på Molde kraftig. Meir enn 50 mill Kr vert fylkesadministrasjonen auka med frå rekneskap 2019.

Reknar med at SP og AP kjem ilag med fylkesrådmannen med haugevis av forsvarstalar for viktighetsgraden av auka administrasjon, noko som er like greinalaust uansett kva dei måtte forsøke seg på av tåkelegging av fakta.

Det er verkeleg på tide med ein ekstern gjennomgang av drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det kan sjå ut som om fylkesadministrasjonen er verna frå rasjonalisering og berre aukar og aukar sine budsjett år etter år. Prosjekt på prosjekt blir sett i verk, trur snart ingen har oversikt over kva som blir gjennomført på dette huset i Molde.

Fylkestinget har bestilt ein gjennomgang av kva som er lovpålagte oppgåver til fylkeskommunen, då får vi prioritere dette samt dei viktigaste tjenestene til folk flest. Innbyggjarane og næringslivet er opptatt av dei viktige tjenestene slik som vidaregåande skular, tannhelse og samferdsel.

Frp er klokkeklar på at no må fylkesadministrasjonen slankast kraftig og pengane heller brukast på, lærarar, skuletilbod og ferjedrift.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken