FrP sitt landbruksfrieri

Møre og Romsdal har vore taparane i jordbruksoppgjeret i år etter år, mener  Dordi Boksasp Lerum og Kristin Sørheim.

Møre og Romsdal har vore taparane i jordbruksoppgjeret i år etter år, mener Dordi Boksasp Lerum og Kristin Sørheim. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Framfor valet i 2013 lova Høgre og Frp at dei ville redusere overføringane til jordbruket dramatisk. Frp ville redusere overføringane med inntil 6 milliardar kroner av ei samla overføring på i overkant av 14 milliardar.

Gjennom fleire år har bønder i heile Møre og Romsdal protestert mot Høgre og Frp sin dårlege landbrukspolitikk. I 2017 og 2018 kunne vi lese overskrifter som «Bønder på Sunnmøre samla i protest mot jordbrukspolitikken, men ministeren forstår ikkje noko.», «I dag brant bønder i hele Norge bål i protest mot regjeringens forslag om endring i landbrukspolitikken. Tirsdag møtte lokale bønder opp utenfor Felleskjøpet i Molde, og samlet seg rundt den symbolske bålpanna.» og «Finnmark, Møre og Romsdal, Østfold og Nord-Trøndelag er tilskuddstapere innen landbruket, skriver Nationen. Fra Hordaland og nordover langs Vestlandet har jordbruket tapt en tilskuddsandel på 86,6 millioner i løpet av fire år, ifølge tall fra Landbruksdirektoratet».

I dag tener bønder i underkant av 200.000 kroner før skatt i snitt på gardsdrifta. Løna til bøndene svarar ikkje til det faktiske arbeidet dei gjer, og dei fleste bønder er difor heilt avhengige av å skaffe seg arbeid ogso utanfor gardsdrifta. Når skal regjeringa anerkjenne at å vere bonde er ein fulltidsjobb? Som døme er inntekta ved å drive med 300 vinterfôra sauer om lag 140 000 kroner i 2019. Kor mange timars arbeid trur FrP ligg bak denne fantastiske «årslønna»?

Talet på bønder har gått ned gjennom fleire tiår, ogso med Senterpartiet i regjering. Somme stader har strukturrasjonaliseringa gått så langt at dei få bøndene som er att ikkje greier å drive all jorda. Vi ser attgroing og dårleg drive jord – fordi effektiviseringa og nedlegginga av landbruket har gått for langt.

Høgre og Frp meiner at produksjonen av mat skal gå føre seg der den er mest økonomisk effektiv og der maten kan produserast og foredlast på billegast mogleg måte. Med andre ord vil dei leggje ned vestlandsbruka i Møre og Romsdal og erstatte dei med ei handfull gigantgardar eller med import av billeg mat.

Møre og Romsdal har vore taparane i jordbruksoppgjeret i år etter år. Strukturendringar, dårleg lønsemd, svak rekruttering og nedlegging av foredlingsanlegg pregar utviklinga. Sidan tusenårsskiftet er drifta lagt ned på 2000 gardsbruk her i fylket.

For få tiår sidan var praktisk talt all mat produsert i nærmiljøet, og ressursane gjekk inn i berekraftige kretsløp. I dag blir godt under halvparten av maten produsert av norske ressursar og råvarer. Dette er ikkje berekraftig.

Frisleppet på kvotar og konsesjonsgrenser og manglande styring av investeringsverkemiddel under Frp sine landbruksministrar, var eit alvorleg slag mot distriktsjordbruket. \u0009

Senterpartiet vil snu denne utviklinga. Inntektsgapet mellom bønder og andre må reduserast. Matproduksjonen må baserast meir på lokale og nasjonale ressursar, mindre på importert soya og anna kraftfôr til dyremat. Store beiteressursar i utmarka må utnyttast.

Vi har vakse opp på små gardsbruk i distrikta, vi har arbeidd med husdyr og planter heile livet, vi har arbeidd for eit berekraftig norsk landbruk på mange vis og mange arenaer. Det er fantastisk at Frank Sve og FrP i Møre og Romsdal kan få seg til å påstå at vi vil avvikle kua og landbruket – det greier FrP godt utan vår hjelp!



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken