Gå til sidens hovedinnhold

Frp sier nei til Møreaksen

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ser at Bernhard Riksfjord er ute på sosiale flater og har «forvilla seg fast» i 2016-tida, og forsøker å forklare Frp sitt standpunkt til Møreaksen.

Det burde både for Riksfjord og andre vere svært så godt opplyst kva Frp har som standpunkt angående kryssing av Romsdalsfjorden.

Fakta

Dette er fakta: Fram til 2017 var der ikkje utgreiinger som støtta opp under flytebruer, men hausten 2017 kom utgreiinga frå Vegdirektoratet og Statens vegvesen region vest som konkluderte med at flytebruer var meir enn realistisk.

Statens vegvesen region vest gjekk vekk frå djupe undersjøiske tunellar på sitt ferjefrie E-39 prosjekt Hordfast over Bjørnafjorden, og skal no bygge 5 kilometer endeforankra flytebruer over eit av kystens tøffaste fjordområde.

Statens vegvesen region midt derimot, hadde forleda alle her i fylket til å tru at Sekkfast( Romsdalsaksen) ikkje kunne byggjast med flytebruer, noko som altså grundig vart motbevist hausten 2017.

Les også

Fakta frå Sve

Endra standpunkt

Frå dette tidspunkt endra Frank og Frp standpunkt, og krev at ny, miljømessig, trygg og billigare teknologi slik som flytebruer, vert nytta for kryssing av Romsdalsfjorden.

Høgre, Sp og Ap derimot, gjorde som vanleg stikk motsatt, og går baklengs inn i framtida ved å velge blindt Møreaksen, snart 400 meter under fjorden i cirka 6 mil med tunellar og ny E-39 gjennom og forbi Molde. Dette på tross av at det i regjeringserklæringa står klart og tydeleg at ein skal byggje smartare, billigare og med ny miljøteknologi på dei nye veiprosjekta her i landet.

Korleis Møreaksen kan felle innn i dette forstår ingen!

Les også

Sp og Klinge= Møreaksen

Churchill

Winston Churchill uttalte følgjande: « Den som ikkje evnar å skifte standpunkt, evner ikkje å utrette noko som helst».

Til Bernhard Riksfjord er det berre å seie: Frp og Frank evnar å skifte standpunkt når ny teknologi er tilgjengelig, og Frp velger Romsdalsaksen/flytebruer eller fortsatt ferje framfor djupe undersjøiske tunellar som folket ikkje vil ha.

Ellers registreres det at Facebook-sida Møreaksen grundig omtalar min person flittig. Hyggelig kunne ein sikkert meine, men makan til lavmål der det viktigaste er å «ta mannen og ikkje ballen», skal ein leite lenge etter. Det er nok slik dei er opplært på Møreaksen-sida å oppføre seg på nettet vil eg tru, eller? Men sjølvsagt forståeleg no når Møreaksen-forkjemparane står igjen aldeles tomme for nye argument.

Les også

Svada frå Sve

Folket

Møreaksenforkjemparane må meir enn gjerne fortsette sin kamp mot Frank Sve. Derimot har folket her i fylket forlengst også skifta standpunkt der faktisk meir enn 75 prosent av innbyggjarane slett ikkje vil ha Møreaksen!

Møreaksen taper dersom du seier klart ifrå ved stortingsvalget den 13. september og seier Nei til Møreaksen-partia!

Stopp Møreaksen. Stem Frp.

Les også

Stopp Møreaksen

Kommentarer til denne saken