Gå til sidens hovedinnhold

Frp: Fødeavdelinga i Kristiansund må reetablerast

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Framlegg til uttale i Fylkesutvalget den 25/1-2021:

Det har i lang tid vore ein sterk debatt i Nordfylket for å bevare fødeavdelinga på Kristiansund sjukehus.

Eit fleirtal vedtok på Stortinget i 2020 at fødeavdelinga i Kristiansund skal bestå til nytt sjukehus på Hjelset er opna.

Frp og fleire hadde også framlegg om at fullverdig fødeavdeling skulle vere i Kristiansund også etter at nye Hjelset sjukehus var ferdig.

No opplever innbyggjarane på Nordmøre eit svik frå leiinga i Helse Møre og Romsdal, der fødeavdelinga no skal samlast i Molde.

Dette er eit brot på Stortinget sitt vedtak, og ein kan verkeleg undrast over om det frå helseføretaket sin side har vorte gjort NOK for at Stortinget sitt vedtak vart gjennomført.

Møre og Romsdal fylke er sterkt bekymra for at fødeavdelinga i Kristiansund no vert stengt, og at fødande i heile Nordmøre må reise for langt, i frå før krevjandes avstandar over fjord og fjell.

Fylkesutvalget i Møre og Romsdal ber derfor leiinga i helseføretaket om følgjande:

1. Møre og Romsdal fylkeskommune ber Helse Møre og Romsdal reetablere fullverdig fødeavdelinga i Kristiansund, i tråd med Stortinget sitt vedtak så raskt som råd, og seinast innan 1/9-2021.

2. Møre og Romsdal fylkeskommune ber også helseføretaket sørge for at fullverdig fødeavdeling i Kristiansund vert ein del av den framtidige sjukehusstrukturen i Møre og Romsdal, også etter at SNR står ferdig.

Kommentarer til denne saken