Fritidstilbod i eit beredskapsperspektiv

Diverre har vi ei regjering som sentraliserer mellom anna politiet, ambulansen og arbeidsplassar rundt om i heile landet, skriv Hege Einset og Dordi Boksasp Lerum i Senterungdomen.

Diverre har vi ei regjering som sentraliserer mellom anna politiet, ambulansen og arbeidsplassar rundt om i heile landet, skriv Hege Einset og Dordi Boksasp Lerum i Senterungdomen. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Når ein snakkar om beredskap snakkar ein gjerne om politi, brannvesen, sjukehus, matberedskap og liknande. Felles er at alle desse er vitale og livsviktige tenester som er viktige for at det skal gå an å leve trygge liv i heile landet. Korleis kan då fritidstilbod og kulturtilbod vere eit beredskapstiltak?

Ein skal vere forsiktig med å undergrave kultur sin funksjon i folk sine liv. Fritidstilboda fungerer som eit tryggleiksnett. Eit tryggleiksnett som tek vare på alle.

For fotballaget, ungdomsklubben og kulturskulen handlar om meir enn berre å tileigne seg ferdigheiter. Slike fritidstilbod handlar vel so mykje om å byggje fellesskap, om å kunne kjenne seg som ein del av noko innanfor kontrollerte og trygge rammer. Senterungdomen meiner difor det er viktig å sjå verdien av dei lokale fritidstilboda.

Diverre har vi ei regjering som sentraliserer mellom anna politiet, ambulansen og arbeidsplassar rundt om i heile landet. Med denne enorme sentraliseringa av tenester følgjer ogso sentralisering av fritidstilboda etter.

Mangel på gode fritidstilbod kan føre til at barn og ungdomar søker seg til miljø som ikkje er heldige, og som kan få store konsekvensar i lang tid – både for enkeltindividet men ogso for samfunnet. Fritidstilbod kan mellom anna fungere preventivt for til dømes ungdomskriminalitet, og anna uheldig åtferd blant unge.

Trenaren som heia på deg når du hadde det vanskeleg på heimebane, pianolæraren som såg deg då du hadde ein tung periode og den trygge instruktøren som prata med deg då du hadde gjort litt dumme val. Det er særs viktig å ha gode fritidstilbod og møteplassar for barn og unge i heile landet, faktisk so er gode lokale fritidstilbod nærast nødvendig for barn- og unge si fysiske og psykiske helse i fylgje ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Vi har sjølv fått kjent på viktigheita av gode fritidstilbod, og ser på fritidstilboda ogso som beredskapstiltak. Vi i Senterungdomen meiner difor det er viktig med gode fritidstilbod i heile landet!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken