Dordi Skuggevik meiner eg ikkje har sett at hennar innlegg ikkje dreidde seg om 8. mai – men om 9. mai 1945 (Trollheimsporten og Tidens Krav 12/5). Sjølvsagt har eg registrert det – og samtidig også at hennar innlegg ble publisert på Trollheimsporten 9. mai. Og ettersom eg er vant til at det er lurt å bruke litt tid på innlegga sine – og kanskje til og med sove på dei før ein spreier dei – tok eg for gitt at mesteparten av innlegget hennar var produsert 8. mai. Men eg burde jo vite at ikkje alle brukar like lang tid til å tenke seg om!

Les også

9. mai 1945: Da tragedien begynte for 92.000 nordmenn

8. mai 1945 – ein tragedie?

– 9. mai, Eivind Hasle, ikke 8.

Eivind Hasles gemene polemikk-teknikk

På innlegget til Dordi, skjønar eg også at det er den kollektive tiltalen for medlemskap i Nasjonal Samling som er hennar viktigaste ankepunkt mot rettsoppgjeret og grunn til at ho kvar vår høyrer «Tarzan-brølet». Og det peikte eg jo også på som eit av fleire klanderverdige sider ved rettsoppgjeret. Men det finst fleire, t.d. «bigamilova» som aksepterte at soldatar og sjøfolk som var i utlandet hadde fått lov til å gifte seg utan at ekteskapet i Noreg var oppheva, eller at norske kvinner som hadde slått seg i lag med tyske soldatar, mista statsborgarskapen sin. Også bruken av dødsstraff i rettsoppgjeret, vart jo utvida i tilknytning til oppgjeret etter krigen. Men likevel: Krigen var ein unntaksperiode, og indignasjonen mot dei som samarbeidde med okkupasjonsmakta vart etter kvart stor, og som t.d. arbeidde for å sette til sides norske demokratiske styringsprinsipp i stat og kyrkje og innføre ei nazistisk ungdomsteneste og ei skoleordning i landet vårt bygd på raseideologi og førardyrking. Ian Burumas bok: «År null» gir eit lite innblikk i korleis dei ulike landa i Europa prøvde å «rydde opp» etter krigen.

Elles føler eg ikkje noko behov for å konkurrere med Dordi Skuggevik når det gjeld universitetsutdanning, korkje i historie eller andre fag. Men eg kan vel utan vidare seie at mi utdanning i historiefaget er fullt på høgde med hennar – og vel så det.