Området ved bautaen over dei falne i 2. verdskrigen ved Aure kyrkje var arena for 75-årsjubileet for freden søndag.

Eit 30-tals menneske inklusive aktørane var møtt fram ved bautaen utanfor Aure kyrkje for å markere fredsjubileet for 2. verdskrigs slutt. At det var eit par år for seint i høve 75-årsjubileet var sjølvsagt takka vere pandemien som no stort sett har sluppe taket i samfunnet.

Under seansen ved kyrkje gjekk ordet etter at Magne Vaag hadde ønska velkommen, til einingsleiar kultur i Aure kommune, Ivar Torset, som forutan å framsnakke minneskriftet som historielaget gav ut ved 50-årsjubileet, gjekk gjennom namna på dei som fall på ulike vis som følge av krigshandlingane 1940 – 45.

Vidar tala leiar for Nordmøre Brigadeveteranforening, Olav Jostein Holten. Brigadeveteranforeninga markerte denne dagen på ulike stader rundt om på Nordmøre 8. mai, og denne gongen altså i Aure. Holten tok for seg i første rekkje skjebnen til Trønderbataljonen, som inkluderte ein del aurgjeldingar, då dei møtte tyskarane i Gratangen i aprildagane 1940. To frå Aure fall i desse kampane, i det heile var det etter måten mange frå Aure som omkom i ulike hendingar gjennom krigen. Til slutt la så Holten ned krans ved bautaen, og medlemmar frå UL Breidablikk senka fana mot steinen i ein tradisjonell gest, før det heile vart avrunda med kaffi i den gamle prestegardslåna.

Forutan Brigadeveteranforeninga stod Aure Historielag, Melland Forts venner, UL breidablikk og Aure kommune bak arrangementet.