Gå til sidens hovedinnhold

Frank Sve har rett

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

…..i at E 136 utbetring av Romsdalen kan bli utsett og dra ut i tid, sjøl om Helge Orten seier det er sett av 3 mrd. til prosjektet. Grunnen til det er H og Frp sin baby, «Nye Veier». Nye Veier har fått tildelt ei mengd store prosjekt, med beskjed om å gjennomføre det som gjev mest samfunnsøkonomisk nytte først, og utan politisk innblanding i rekkefølgja. Slik ramma er no, kan dei i beste fall bli ferdig til 2041. Så dette er eit prokuratorknep frå H, men også eit resultat av Frp sin politikk i regjering. Evalueringar av Nye Veier er absolutt ikkje eintydig i at dette gjev svært mykje billegare og raskare vegar. Sanninga er vel at om Statens vegvesen hadde fått avsett pengar til å bygge ferdig Romsdalen, ville det kosta det same eller helst mindre. Så da kan Frp i Stortinget sikre heilskapleg utbygging av Romsdalen ved å stemme i lag med SP i Stortinget for å prioritere prosjektet først i NTP og ikkje overlate det til Nye Veier.

Frp kan også stemme i lag med SP for å styrke utbetring og vedlikehald av fylkesvegar og gratis og billegare ferjer. Frank Sve kjenner kvar krik og krok på fylkesvegane våre og veit at fylket ikkje maktar utbetringar og nybygg av bruer, vegar, tunnelar og rassikring utan bompengar eller at staten tek eit større økonomisk ansvar for transportsystemet.

Utbetring av E 39 over Fursetfjellet og Bergsøya-Aspøya for å få 90 km/t er heller ikkje prioritert frå fylket. Dette er av dei beste vegane på Nordmøre, og midlane burde heller vore brukt på E 39 Astad-Bjerkeset eller RV 70 Ålvundfjorden, eller for den del innfartsvegen til Kristiansund. Frp kan også støtte SP i dette når NTP skal behandlast.

Med Frp og Frank Sve «ute av fengsel» kan det meste ordne seg.

Kommentarer til denne saken