Framleis mykje å kjempe for

Framleis er gjennomsnittsløna for menn i heil stilling nesten 6000 kroner meir i månaden enn for kvinner, skriv Eva Hove, leiar av kvinnenettverket i Møre og Romsdal AP.

Framleis er gjennomsnittsløna for menn i heil stilling nesten 6000 kroner meir i månaden enn for kvinner, skriv Eva Hove, leiar av kvinnenettverket i Møre og Romsdal AP. Foto:

Av
DEL

MeningerØkonomi er kanskje den aller viktigaste indikatoren på kor likestilt eit samfunn er. Vi skriv 2020 og framleis er gjennomsnittsløna for menn i heil stilling nesten 6000 kroner meir i månaden enn for kvinner, dette i følgje SSB. Men det er likevel ikkje økonomi eg vil la dette innlegget handle om. I samband med den internasjonale kvinnedagen vil eg denne gongen fokusere på kvinner og helse.

Visste du at Noreg berre har ein einaste professor i kvinnehelse? Og spelar det i så fall noko rolle? Er kvinnehelse noko anna enn helse generelt? Det veit vi eigentleg litt for lite om, mellom anna fordi det vert forska for lite på det. Når ein forskar på spesifikke problemstillingar, vinn ein som regel ny kunnskap.

Gjennom forsking har ein mellom anna funne ut at kvinnekroppen reagerer annleis på t.d hjertesjukdommar enn det mannskroppen gjer - både m.o.t symptom og behandling. Det vert lagt til grunn av mannskroppen er normalen, det kan vere uheldig for den kvinnelege delen av folket, mellom anna fordi symptoma ikkje vert gjenkjende og at behandlinga ikkje alltid er adekvat.

Kvinnehelse vert ofte sett på som synonymt med helse relatert til fertilitet, graviditet og barsel. Og alt dette er sjølvsagt sentralt innan kvinnehelse. I våre dagar opplever vi at føde- og barselstilbodet som vert forringa, ikkje minst gjeld det kvinner som bur og føder barn i distrikts-Norge. I sentraliseringa sin tidsalder må kvinnene på barrikadane for å kjempe for eit trygt fødetilbod og ei barselomsorg som set kvinna og barnets behov framfor økonomi og effektivisering.

Tar større ansvar

Ansvar for omsorgsoppgåvene har vore eit viktig moment i alt likestillingsarbeid. Opp gjennom åra har mennene tatt ein stadig større del av omsorga for born og familie, ikkje minst takka vere permisjonsreglar som gjer dette muleg.

Når det gjeld omsorg for hjelpetrengande foreldre, syner det seg at døtre tar eit større ansvar enn søner. Til trass for det, opplever menn at dei ofte får ros for innsatsen sin, medan mange kvinner kjenner på dårleg samvit for at dei ikkje yter nok. Og ikkje nok med det: Ei undersøking viser at ein hjelpetrengande mann som har kone eller døtre, får mindre hjelp frå det offentlege enn til dømes ei hjelpetrengande kvinne som har ektemann og søner. Forskjellen i hjelp frå det offentlege er summert opp til gjennomsnittleg to timar pr veke. Dette gjeld heimebuande som har behov for omsorgstenester. Det er etter mitt syn viktig å vere klar over desse skilnadene ettersom den gjeldande omsorgspolitikken legg til grunn at eldre bør bu heime så lenge som råd for å få eit best muleg liv. Eg er samd i at det har stor verdi for eldre å kunne bu heime lengst muleg, men dersom dette ikkje skal utvikle seg til ei ny likestillingsutfordring og eit utilsikta tilbakefall for likestillinga, så må også desse omsorgsoppgåvene også fordelast likare mellom kvinner og menn. Med ein aukande del eldre, er det særleg viktig at vi tenkjer igjennom dette, fordi vi også har behov for at så mange kvinner som råd er har krefter til å stå i fulltidsjobbar i arbeidslivet fram til pensjonsalder.

Paradoks

Det er eit paradoks at sjølv om kvinner gjennomsnittleg lever lenger enn menn, så har yrkesaktive kvinner eit større sjukefråver enn yrkesaktive menn. Kva skuldast dette? Har kvinnene dårlegare arbeidsmoral? Skuldast det typiske kvinneplager? Er det på grunn av eit større omsorgsansvar? Eller kan det ha å gjere med eit kjønnsdelt arbeidsliv der kvinnene i stor grad arbeider i omsorgsyrke med manglande ressursar? Dette bør undersøkast nøye, for redusert sjukefråver er viktig både av omsyn til samfunnsøkonomi, arbeidsmiljø og tenestekvalitet.

Arbeiderpartiet vil ha fokus på kvinnehelse og vi ser at dette er komplekse problemstillingar som handlar om såvel typiske kvinnesjukdommar, men også om eit kjønnsdelt arbeidsmarknad, ulik pårørande forventning og det faktum at tradisjonell medisinsk forsking brukar mannskroppen som norm.

Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe som skal kome med innspel om kvinnehelse i programarbeidet som er i gang – fordi vi synest dette er viktig.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags