Gå til sidens hovedinnhold

Framleis juks

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

At Statens vegvesen skal ha ansvaret for å rekne på kostnadane med ein tunnel forbi Veøya løyser ingen ting. Dette er å gi Statens vegvesen Midt høve til å kome seg unna med jukset! Det er då langt meir enn manglande utgreiing av tunnelen som er problemet! Det er også juksa grovt med kostnadane på andre måtar. Eg garanterer at konklusjonen til vegvesenet vil bli at endringane i kostnadane med tunnel ikkje vil utgjere så mykje som 6 mrd, og at dei dermed fortset som før med Møreaksen. Derfor må ein ny instans gå igjennom denne saka fra a til å. Kvifor ikkje Nye Veier AS? Tilliten til Statens vegvesen er borte.

Er dette verkeleg det du står for, samferdselsminister Knut Arild Hareide?

Kommentarer til denne saken