Gå til sidens hovedinnhold

Fotominne på museet

Søndag vil lerretet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum skape gjensyn med nær og litt fjernare fortid.

Innsendt bidrag

Biletkåseriet hentar fram foto frå ulike kantar av distriktet. Nokre har historisk karakter og viser lokalsamfunnet slik det ikkje lenger er. På andre kjenner vi nok att både personar, bygningar og hendingar frå litt nyare tid.

Bilete av skuleklassar, skipsfart, trafikk, idrett og arbeidsliv vil vekkje gode minne. Materialet er stort sett henta frå Bøfjorden Historielag sitt arkiv. Og publikum kan bidra med nye opplysningar om det som dukkar fram.

Ein liten konkurranse i attkjenning og lokalkunnskap er lagt inn i programmet.

Kommentarer til denne saken