Gå til sidens hovedinnhold

Forvirra av TKs retorikk: – Det er viktig å fullføre

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I Tidens Krav den 31.03 brukar avisa utrykket «regjeringen står til stryk», samtidig som de peikar på kor viktig det er at fullføringsreformen for vidaregåande skule no kjem. Eg innrømmer eg blir litt forvirra av denne typen retorikk, men skjønar at det er lesarvennleg å «stryke» regjeringa. Eg meiner det er rett av avisa å løfte fram kritikken frå lærarhald, for vi skal lytte til dei som arbeider i skulen, når vi saman skal finne løysingar på korleis vi skal få fleire elevar til å fullføre vidaregåande. Men eg undrar meg på at TK fokuserer på korleis Venstre-leiaren Guri Melby har formulert seg, i staden for å løfte fram dei sidene ved reforma som avisa meiner er prisverdige. For denne reforma er viktig. Fråfallet er for stort. Det er for mange som fell frå, så vi må gjere noko for å gjere elevane meir motiverte. Det gjer vi gjennom auka valfridom, gjennom systematisk arbeid for å hindre stryk, og med auka tiltak for at fleire skal få læreplass og å ta fagbrev.

For meg med lærarbakgrunn er det lett å skjøne at vi har mange slitne tilsette i skuleverket no. Lærarar brenn for sine fag, og etter eit heilt år med koronatilrettelagt undervisning, med påfølgande frustrasjon i høve kva elevane får med seg av pensum, så er det forståeleg at det har tårna seg opp over tid – for mange. Fag har blitt nedprioritert, og bekymringa for elevane sitt kunnskapsgrunnlag har vore stor. Når ein då opplever at kunnskapsministeren meiner somme fag er mindre viktige enn andre, så er det lett å skjøne at utblåsingane handlar om meir enn eit uheldig ordval. Heldigvis har vi ein raus og klok kunnskapsminister, som sjølv er lektor, så ho var raskt ute med å beklage formuleringane sine, samtidig som ho løfta fram det som er viktig, nemleg at fleire elevar må fullføre vidaregåande. Fleire må få tilpasse utdanninga si, slik at dei vert motiverte, kjenner på meistring, og kjem seg gjennom heile løpet.

Det er no lenge sidan vi fekk reform -94, der målet var å få alle gjennom det same løpet. På 25 år har vi gjennomgått store endringar i samfunnet, og vi må erkjenne at skulen ikkje er godt nok tilpassa behova i dag. Regjeringa gjennomfører difor ei reform for den vidaregåande opplæringa som gir unge og vaksne større fridom og fleire moglegheiter. Eg meiner det er rett at vi skal lytte ut kva lærarane seier, men også ungdomane sine meiningar er viktige. Studentar uttalte at dei ikkje var godt nok trena i kritisk tenking, sjølvstendig læring, akademiske skriveferdigheiter og tekstforståing. Dei sa også at dei var for dårleg førebudde for høgare utdanning. Dette er uttalar vi skal lytte til. Og når fråfallsstatistikken over tid har vore alarmerande høg, så må vi vere villig til å endre på eit system vi har vore trufaste mot så altfor lenge.

Kunnskapsminister Guri Melby vil no fjerne tidsavgrensinga på tre år, og gje skulane betre høve til å ta eit større ansvar for dei elevane som ikkje lykkast med å bestå på første forsøk. Denne regjeringa har allereie lykkast med å få fleire til å velje vegen til meisterbrev i staden for mastergrad. No skal fleire lykkast uansett kva veg elevane vel, gjennom gode allmenndannande fag, og med fridom til å gjere eigne val ut frå eigne føresetnadar og interesser.

Kommentarer til denne saken