Gå til sidens hovedinnhold

Fortare fram til undergangen?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Frå tid til annan beklagar kongen eller Stortinget eller andre det som våre besteforeldre gjorde. Ofte er det tale om saker der ein ikkje visste betre. Kva vil konge og Storting beklage på våre vegne om 50 år?

Eg er ganske viss på at dei store inngrepa vi gjer i naturen for å bygge vegar så vi kjem fort fram vil bli eit slikt tema. Når gruvene er tømte og det framleis ikkje går i hop, så vil vi gå inn i eit samfunn der vi må halde oss meir på ein plass, og bruke lenger tid viss vi skal nokon annan plass. Då vil undersjøiske tunnelar og firefeltsvegar for høg fart som vi ser i forslaget til ny NTP sjå berre dumt ut.

Det kjem dessutan ein dag då vi har kvar vår CO2kvote og heller ikkje kan bruke straum hemningslaust. Då blir det ikkje om å gjere å køyre langt og ofte.

Dei gode vegprosjekta i Møre og Romsdal er å halde dei vegane vi alt har i god stand. Tunnelar til erstatning for rasfarlege strekningar, eller under Volda sentrum er gode tiltak. Ingen av desse tiltaka fører til auka trafikk, men dei som bruker vegen og naboar vil få ei betre oppleving.

Vi går inn i ein periode der vi må gjere noko med ei tidlegare bølgje med framsteg i samferdsla. Bruer med rusta armering og svekka bereevne vil krevje mykje i åra som kjem.

Krabbefelt/forbikøyringsfelt over Ørskogfjellet er døme på eit godt prosjekt. Det vil betre føresetnadene for at mesteparten av trafikken ikkje blir hindra av dårleg føre, og neppe føre til auka trafikk.

Les også

Trafikksikkerheten er en vinner i NTP

Les også

JA til Møre utan Møreaksen

Les også

Et første steg mot bru over Halsafjorden

For dei andre problema vi har, der det er fleire bilar enn det er veg til, er løysinga stort sett å gjere noko med mengda bilar.

Energiforbruket aukar med høgare fart. Økonomifart ligg rundt 70 km/t. Det vil vi spare mykje drivstoff på, anten det er fossilenergi eller straum, og vegen kan vere god sjølv om han ikkje er bein som ein linjal.

Med maksfart 70 vil konsekvensane av uhell stort sett vere moderate. Nye bilar er laga slik at førar og passasjerar overlever når farta ikkje er over 70.

Det har vore debatt om sekstenåringar skal få køyre bil, sidan det er så trælete å bu på bygda når ein er i den alderen. Det er ingen god ide. 40% av oss har ikkje førarkort. Det er altså mange fleire enn eldre tenåringar som treng ei løysing. Mange fleire vil altså få nytte av det viss ein får til kollektivtrafikken på ein god måte. Viss ein betrar tilhøva for bussen slik at han kjem like fort fram som bilane, vil kollektive løysingar vere eit stort og nødvendig gode så snart pandemien er jaga bort.

Møreaksen eller Romsdalsaksen? Vi har ikkje bruk for nokon av dei. Båe aksane representerer store naturinngrep. Ferja krev litt meir planlegging enn å setje seg i bilen, men vi har bruka ferje i fylket i hundre år. Vi klarar fint nokre tiår til.

Viss vi lever litt saktare og litt enklare, og satsar noko av det vi sparar på kystfarten og toget, så blir det langt færre lastebilar langs vegane også. Det er bra for dei som blir igjen.

Gløym dei store vegane til undergangen! Det er godt vedlikehald og enkle tiltak som må få vår merksemd i det neste tiåret.

Kommentarer til denne saken