Dordi Lerum, Senterpartiet sin ungdomskandidat frå Sp, malar med brei pensel i fleire av landet sine aviser, og meiner at samferdselskroner brukt på austlandet ikkje tener landet. Her trekk ho fram Follobanen som eksempel på misbruk av samferdselskroner sett opp mot korleis desse midlane kunne vore nytta langt betre til samferdsle i distrikta.

Det kan seiast mykje om Follobanen, og det som desse dagar kjem fram i høve igongsetting av prosjektet. Det let vi ligge.

Det interessante her er at distriktsrepresentanten frå Sp snakkar heilt mot sitt eige parti, og korleis ein i Stortinget også frå Sp si side har støtta opp om Follobanen. Så langt vi har registrert, har Sp gjennom alle handsamingar i Stortinget også støtta opp om prosjektet Follobanen. Det betyr at også Sp har støtta store prosjekt på austlandet framom å prioritere rassikring i distrikta. Det er uheldig at Sp på denne måten gir eit inntrykk av at dei ønskjer noko anna.

Så er vi heilt einige i at det no er på tide å prioritere også andre landsdelar, noko Høgre gjorde gjennom Nasjonal transportplan 2022-2033 som vart lagt fram i 2021 av Solbergregjeringa. Her var prosjekt innan jernbane, veg og lufttransport i heile landet vurdert opp mot tryggleik, samfunnsøkonomi og utvikling i ein langsiktig 12 års plan. Dette var også eit dokument Sp stilte seg bak.

No sit regjeringa Ap/Sp med eigen samferdsleminister. Gjennom budsjettprosessen viste dei at samferdsle er eit av dei områda denne regjeringa prioriterer lågast. Fleire av prosjekta vi venta skulle starte opp er skote ut i det blå. Auka fokus på rassikring og vedlikehald er uteblitt. Nasjonal transportplan er lagt i ei skuff og ein har varsla at ein ny plan er på gang, med eit langt lågare ambisjonsnivå.

Eit venleg råd, før ein går ut og ropar høgt i alle landet sine aviser, vil vera å ta ein prat med eigne folk på Stortinget. Her ville ungdomsrepresentanten snart blitt realitetsorientert med beskjed om at Sp har støtta prosjektet Follobanen, og pengar til samferdsle, også i distrikta, er langt nede på denne regjeringa si prioriteringsliste i framhaldet.

Les også

Samferdselskroner til distrikta framfor gigantprosjekt på Austlandet