Førjulskonsert med prisvinnande kor og solistar

KJEM: TrondheimSolistene kjem til Stangvik kyrkje søndag 6. desember.

KJEM: TrondheimSolistene kjem til Stangvik kyrkje søndag 6. desember. Foto:

Vårsøghelga arrangerer førjulskonsert i Stangvik kyrkje søndag 6. desember med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og mezzosopran Astrid Nordstad.

DEL

Det melder Laget Vårsøg i en pressemelding tirsdag.

Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene har eit utstrakt samarbeid gjennom mange år. Med konserten «Julefryd» i Nidarosdomen, har dei siden 2012 satt det trønderske publikummet i julestemning.

I 2020 tek Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene for fyrste gong «Julefryd» ut frå nasjonalhelligdommen, til det midtnorske publikum. Med tre unike konsertar i mellom anna Stangvik kyrkje i Surnadal, vil aktørane saman med Mezzo-sopranen Astrid Nordstad levere eit program som spenner frå kjente og kjære julesongar, men også noko nytt - alt frå mektig og stort, til stille og gripande. Allsong blir det også.

Mykje av repertoaret har dei faktisk aldri presentert utenfor Nidarosdomen før. Det blir over 80 songarar frå det som regnes som eit av Europas fremste jentekor, TrondheimSolistene og solist Astrid Nordstad.

Nordstad er ei av korets tidligere songarar. Ho debuterte på Den norske opera i 2019, og er eit av landets største talenter innafor klassisk song.

I 2020 mottok Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistenes utgivelse «LUX» GRAMMY Award i USA. Dette er fyrste gong eit album med eit norsk kor og orkester mottek denne høythengande prisen. Deira album «MAGNIFICAT» fikk også ein GRAMMY-nominasjon i 2014.

Billettsal på surnadal-kulturhus.no og på Surnadal kulturhus. På grunn av koronarestriksjonane blir det kun lagt ut 150 billettar til konserten.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken