Inga førjulstid utan førjulskveld i Aure Historielag. I år er det forfattaren og journalisten Per Anders Todal som står for det kulturelle innslaget fredag 25. november.
Per Anders Todal (biletet) er fødd i 1968, og er oppvaksen i Todalen i Aure. Han er journalist og forfattar. Todal har arbeidd i vekeavisa Dag og Tid sidan 1997 og har gjeve ut fleire bøker. Den nyaste boka hans er «Havlandet» frå 2018.
I denne boka viser Todal korleis havet har forma landskap og livsvilkår i Noreg. I foredraget sitt vil Todal snakke om sitt eige forhold til sjøen på heimtraktene, og om kva havet og ressursane der har hatt å seie for folk på Nordmøre gjennom meir enn 10 000 år. Namnet Møre tyder faktisk havlandet. Livet i sjøen spela ei avgjerande rolle for dei første menneska som slo seg ned her, og fiske og havbruk er viktige næringar på Nordmøre den dag i dag.
På arrangementet på Aure Gjestegård vil også den nye årboka til historielaget bli presentert. Årets utgåve har som vanleg stor spennvidde både når det gjeld tematikk og lengde. Sivert Ødegaard har i ein lengre artikkel teke for seg kartlegging av gardsnamn i Aure, Kjell Harald Bugge har eit par artiklar, om ein litt særskild tur til Bodø og om ein kjent mann i Aure – Daniel Brevik. Kåre Folde fortel om ein kollisjon mellom to båtar i Aursundet, og May Renate Settemsdal tek for seg Aure IL gjennnom 100 år. Til saman om lag 16 små og store tekstar.
Møtet på Aure Gjestegård er ope for alle, men det er sjølvsagt i første rekkje for medlemmane i Aure Historielag, som i tidlegare år har møtt opp i hopetal for å få ein juletallerken, få årbok og høyre kulturelle innslag. Og det er enda tid til å melde seg på.