Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Håplausheita breia seg over klassen. Vi var komne til sidemålstentamen. Dei fleste i klassen hadde ikkje starta med nynorskopplæringa før i ungdomsskulen. Det er ikkje rart dei satt igjen med ei kjensle av håplausheit i møte med noko alle elevar i Norge skal gjennom. Når ein startar med nynorskopplæring seint, stiller ein betydeleg dårlegare enn dei som har hatt det frå barneskulen.
På stortinget har det lenge vore eit mål, med veldig brei politisk forankring, at alle i Norge skal kunne både nynorsk og bokmål. Diverre blir opplæringa praktisert på ulike måtar med varierande resultat. Fordi barn blir eksponert langt meir til bokmål i oppveksten, har dei andre føresetnadar for å lære seg bokmål. Då treng ein langt mindre pedagogisk rettleiing på skulen for å lære det. Då er det langt meir verdifullt at ein får hjelp av lærarane på skulen til å lære nynorsk.
Jamt over gjer elevar som har hatt nynorsk frå barneskulen det betre i norsk sidemål, samstundes som dei er minst like gode i hovudmålet som bokmålselevar. Det skjer nettopp fordi dei har fått god opplæring i nynorsk samstundes som dei har fått inn mykje bokmål rundt seg i oppveksten. I tillegg gjer det betre føresetnadar for å lære andre ting om ein har gode og breie språkkunnskapar.
Sjølv vaks eg opp med nynorsk frå 1. klasse i Aukra. Det gjorde at eg fekk svært gode resultat i både hovudmål og sidemål, både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Og eg merka tydeleg kor mykje dei i klassen min på vidaregåande sleit – fordi dei hadde hatt bokmål som hovudmål frå barneskulen.
No er det tid for folkeavstemming i Julsundet skulekrins om kva som skal vere første opplæringsspråket, og då håpar eg at du stemmer nynorsk for elevanes beste!