Vi trur på, og jobbar for, eit levande og attraktivt Kristiansund sentrum. Men tal og trendar som vi ser av handelsanalysen gir grunn til uro for utviklinga; at sentrum taper enda meir enn det har gjort til no.

I handelsanalysen som Møre og Romsdal fylkeskommune bestilte frå Asplan Viak, og som var ferdig i desember 2021, blir det bekrefta at potensialet for vekst i handelen i Kristiansund dei komande åra er marginalt. Det betyr at ytterlegare handelsvekst på Løkkemyra vil gå ut over andre som driv handel. Det er god grunn til å tru at det går ut over sentrum.

Kva gjer at ein by utviklar seg, har eit yrande liv, og er attraktiv, og kva kan truge og hindre ei slik utvikling? I Tidens Krav sin papirutgåve fredag 20. mai er dette tema i eit intervju med planseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er følgd opp i ein artikkel med senterleiar Helene Neergaard Oxaas i nettutgåva av same avis 22.05.

Viktig fortrinn

Planseksjonen i fylkeskommunen har ingen grunn til å tvile på senterleiar Oxaas sine observasjonar av bylivet i Kristiansund sentrum. Det er gledeleg at bysentrum i Kristiansund og Alti Storkaia er godt besøkt, og at Alti Storkaia har høgare omsetning enn i 2019. At det også er verksemder lokalt som flyttar til sentrum er bra for utviklinga i sentrum.

I Handelsanalysen kjem det og fram eit par andre fakta som er positive. Det eine er at kjøpesenteret i Kristiansund sentrum, Alti Storkaia, i 2019 hadde noko større omsetning enn Alti Futura på Løkkemyra, og at omsettinga per m2 salsflate i 2019 på Storkaia var over 1/3 større enn på Futura. Dette biletet finn vi ikkje i dei andre byane i fylket. Det andre er at service-tenester som overnatting, servering, kulturtilbod og personleg tenesteyting har langt over dobbelt så stor omsetting i sentrum i Kristiansund som på Løkkemyra. Dette er eit trekk vi finn igjen i andre kommunar, og som kan vere eit viktig fortrinn i vidare utvikling av by- og tettstadsentra i Møre og Romsdal.

Grunn til uro

Dersom vi ser på kunnskapen analysetala gir oss over tid, og trendane som kjem fram, er det likevel grunn til uro. Omsettinga i detaljhandelen på Løkkemyra låg allereie i 2011 vesentleg over detaljhandelen i sentrum, og har auka frå 2011 til 20019, mens handelsomsettinga totalt sett i sentrum i same periode dessverre har hatt ein liten nedgang. På Løkkemyra har handelsomsettinga av detaljvarer auka frå om lag 900 millionar kr i 2011 til 1,3 mrd kr i 2019. Handelen i sentrum har i same periode gått ned frå om lag 750 millionar kroner til 650 millionar kr.

Med arealplanar som legg opp til å utvikle og bygge opp Løkkemyra handelspark II, er det stor fare for at dette biletet kan bli enda meir ubalansert i favør Løkkemyra. Det skal føyast til at for såkalla plasskrevjande varer som møblar, bilar eller trelast, er det behov for store areal, og dette må nødvendigvis ligge utanfor bykjernane. Slike suppleringssenter for plasskrevjande varer er det derfor behov for. Grunnen til at ein ny handelspark på Løkkemyra vil truga detaljhandelen i sentrum, kjem klart fram gjennom handelsanalysen. Den viser at «handel på utsalsstad», altså handel med detaljvarer, og spesielt klede, sko, sportsartiklar m.m. i fysiske butikkar, er synkande. Dette til tross for inntektsauke og velferdsvekst. Det som trugar den fysiske handelen er sjølvsagt netthandel, både innanfor landet sine grenser og frå utlandet, men og ein folkevekst som ikkje er forventa å auke i særleg stor grad. Fysisk handel vil ikkje forsvinne, men handel er ein avgrensa ressurs, og då er det heilt avgjerande kor kommunane legg opp til at denne handelen skal skje, og kor folkelivet dermed vil utspele seg.

Ei utfordring

Eit viktig trekk som kjem fram i mange samanhengar knytt til byutvikling, er synergieffektar mellom handel, service, opplevingar og transport. Miljøutfordringane i samfunnet er store. Derfor har FN vedtatt 17 berekraftmål, som igjen blir følgd opp på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Dette inneber mellom anna at vi skal køyre mindre bil, og sykle, gå og reise meir kollektivt. Ikkje berre for å hindre klimagassutslepp – som el-bilane ikkje har – men og for å unngå støy og barriereeffektar, og bruk av verdifullt areal til vegutbygging og parkering. Litt populistisk formulert, er då store arealkrevjande handelsparkar som ligg langt frå der folk bu, ei utfordring, og tette sentrumsområde ei løysing. 

Meir miljø- og klimavennleg

Dersom ein kan handle nødvendige varer, gå på restaurant, kino og opera, spise is på kaikanten, leike i ein park, gå på pub, og nå alt dette til fots eller på sykkel, vil desse funksjonane forsterke kvarande, og livsførselen er meir miljø- og klimavennleg. I Kristiansund sentrum kan ein til alt overmål i visse periodar av året gå på operapub! Dette vil og vere eit aldersvennleg, eller eit rullator-vennleg samfunn. Og rullatorar vil vi sjå fleir og fleir av i bybiletet, sidan vi lev stadig lengre, og andelen eldre i samfunnet aukar. Men uansett om ein er gamal eller ung, så er folkeliv den viktigaste attraksjonen ein by har å by på. Dette må vi ta vare på i Kristiansund ved å sette folk i sentrum for utviklinga.

Les også

En by, to sentra