Gå til sidens hovedinnhold

Fogderikrigen igjen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stortinget har i vedtak av 12.05.20 bedt om at fødeavdelinga ved det godt vedlikehalde sjukehuset i Kristiansund vert vidareført inntil nytt sjukehus på Hjelset er i drift:

«Stortinget ber regjeringen følge opp anmodningsvedtak 750 (2017–2018), og sørge for at fødeavdelingen i Kristiansund består inntil fødeavdelingen i det nye sykehuset på Hjelset er i drift.»

Men trass dette har helseføretaket vedtatt å stengje fødeavdelinga i Kristiansund mellombels ut året. Dette har medført fylgjande påminning frå Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, vedtatt av Stortinget 23.02.21:

«Stortinget ber regjeringen instruere Helse Midt-Norge RHF om å sikre fortsatt drift av fødeavdelingen i Kristiansund i tråd med Stortingets vedtak nr. 574 (2019–2020).

Stortinget ber regjeringen snarest sørge for at Helse Møre og Romsdal HF tilføres de nødvendige faglige og økonomiske ressursene til å sikre forsvarlig drift av fødeavdelingen i Kristiansund, og informere Stortinget på egnet måte.»

Gir blaffen

Med grunngjevinga for å stengje fødeavdelinga i Kristiansund friskt i minne, og med grunngjevinga for å byggje nytt sjukehus at sjukehuset i Molde ikkje fyller dagens krav til bygningsmessig standard i mente, kvifor er det likevel opplagt at det er avdelinga i Kristiansund som skal stengjast når det ikkje er mogeleg å halde begge avdelingane åpne? Ville det vore umogeleg å oppnå forsvarleg drift ved å nytte felles ressursar i Kristiansund i staden for i Molde? Skuldar de på dei tilsette i Molde for dykkar neglisjering av Stortinget? Og kva har helseføretaket gjort for å førebyggja dei problema vi no står midt oppe i?

Les også

Vil ikke gi mer innsyn i SNR-dokument

Les også

SNR på dagsorden i Riksrevisjon-møte

Les også

Kjære Erna, jeg nekter å føde flere barn!

Les også

Høie: – Ikke aktuelt å stenge i Molde for å få åpnet fødeavdelingen i Kristiansund

Dette er spørsmål som adm. dir. Øyvind Bakke og styreleiar Ingve Theodorsen ved Helse Møre og Romsdal, adm. dir. Stig Arild Slørdahl og styreleiar Tina Steinsvik Sund ved Helse Midt-Norge RHF og helseminister Høie bør svare på. Betyr eit stortingsvedtak så lite, at de, utan å blunke, gir blaffen i det, i staden for å prøve å finne ei løysing i tråd med Stortinget sin vilje?

Dirrande harme

Men: Eg innrømmer at min reaksjon er meir styrt av ei dirrande harme over korleis helseføretaket har handsama fødeavdelinga i Kristiansund i mange år, både dei tilsette og brukarane, enn ei oppskrift på ei løysing av den akutte situasjonen. Kva som er fagleg forsvarleg å få til i den situasjonen vi er i må andre enn eg seie noko om. Det som gjer meg eitrande sint er fylgjande:

Helseføretaket har forsøkt å leggje ned fødeavdelinga i Kristiansund med vikarierande grunnar tre gonger over fleire år. Dette har gjort rekrutteringa av fagfolk vanskeleg. Over desse åra har heller ikkje rekrutteringsforsøka vore truverdige. Kvifor skal helseføretaket bruke tid og pengar for å motarbeide sin eigen vilje? Det er slik dette kan sjå ut frå omverda. Dette kan sjå ut som ei styrt avvikling og ein sjølvoppfyllande profeti, med helseminister Høie på toppen. Det Høie har vist i sjukehussaka er at han er altfor mykje ein moldemann som ikkje har same omsuta for Nordmøre.

La sjukehusa vere der folk bur

Og når vi registrerer Molde-ordførar Dahl sin reaksjon på at Helse- og omsorgskomiteen tar Stortinget sitt vedtak på alvor, er det i Molde ei oppfatning av at det er sjølvsagt at Stortinget sine vedtak skal neglisjerast når dei ikkje tener Molde og Romsdal sine interesser? Dette seier det meste om Dahl si innstilling til samarbeidet med Nordmøre, som er ein del av problemet. Er det rart at fogderikrigen lever i beste velgåande, når også ein heiagjeng i Molde med blindemasker heller bensin på fogderibålet? Det er sanneleg ikkje til å undrast over at vi har to krigar gåande i fylket: Sjukehuskrigen og aksekrigen, der tre Høgre-menn sit i førarsetet. Den eine med heimstad i Møreaksen-land er leiar i Stortinget sin transportkomité. Den andre er ordførar i Molde. Den tredje er «moldemannen» Høie. Dei bør få avløysing snart.

Årsaka til misæren er vedtaket om å byggje eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal, som har ført til ein langvarig bitter strid om lokalisering. La sjukehusa vere der folk bur! Tenk over alle fordelar dette medfører for pasientar, tilsette og for livskraftige samfunn. Det er enno tid for å tenkje seg om. Og ta med menneskelege kostnader i reknestykket, ikkje berre kroner og øre.

Kommentarer til denne saken