Spørsmålet i tittelen er eitt av fleire som blir aktualisert i eit spenstig samarbeidsprosjekt mellom musea i Møre og Romsdal. Utgjevinga er støtta av Norsk Kulturråd og av fylkeskommunen. Objektet for forskingsarbeidet er ein materie som har ulma i lange tider, og flamma opp med ujamne mellomrom. Resultatet er boka om fogderifylket, som kom på Museumsforlaget no mot slutten av 2022. Redaktør Mads Langnes og medforfattarane har levert eit nyskapande verk, m.a. ved tverrfagleg tilnærming og ulike perspektiv sett i ein felles kontekst.

Den teoretiske tilnærminga tek eit utgangspunkt i regionar som geografi, som symbol og som institusjonar. På denne måten kan det vere råd å sjå teikn på om fellsskap er førestilte eller reelle, og om korleis fellesskap kan endre seg. Teorigrunnlaget leier til spørsmål om når fylket vart etablert eller konstruert som identitetsramme og symbolsk eksistens. Region er her forstått som geografisk og politisk eining under statsnivået, med eit gitt nivå av kulturell og økonomisk integrasjon. Vi kan vel ane ein grad av felles identitet mellom nordlendingar, trønderar og sørlendingar som ingen meiningsdannande elite har fått til i Møre og Romsdal. Dei parallelle omgrepa her er vel heller sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar, altså meir lokale fenomen.

Fylket framstår som splitta

Heilt attende i vikingtid var det fram til rikssamlinga rundt 900 tre småkongedømer og ikkje noko felles økonomisk eller kulturelt tyngdepunkt. Denne desentrale strukturen har vart ved til i dag, og har nok medverka til at fylket gjerne framstår splitta og derfor kjem dårleg ut i spørsmål om statlege investeringar i infrastruktur og institusjonar.

Ein interessant freistnad på å søkje dei eldste årsaker til skiljer er drøftinga av system for skatteinnkrevjing. Husebygardsystemet på Nordmøre og i delar av Romsdal frå rundt 900, i motsetnad til den rolla Giskeætta hadde på Sunnmøre. Husebygardane var kongens eigedom og der sat ein årmann som kravde inn skatt på vegner av kongen. Giskeætta var sjølveigarar og kravde inn skatt som adel; kongens allierte og representant. Sjølv om mykje av dette er lite tilgjengelig for sikker dokumentasjon er det ein fruktbar inngang til å forstå kor djupe røter skiljer kan ha.

Ville stramme opp

I åra 1658-60 var Trondheims len inkl. Nordmøre og Romsdal under svensk styre, mens Sunnmøre var under dansk styre utan opphald. Det danske eineveldet vart skipa i 1660 og ville snart stramme opp den administrative organiseringa av Noreg. Drøftinga av årsaker til at Romsdals amt kom til og vart ei varig ordning viser at her hende det litt av kvart. Utgangspunktet var at området var og vart verande delt både geistleg, rettsleg og økonomisk (handelsrett), altså eit vaklande amt slik det heiter fleire stader. Det ser likevel ut til at familiedynastiomsyn meir enn det praktisk-administrative førde til at amtet kom i stand rundt 1670. Altså: det måtte vere eit amt til kvar av dei som skulle ha. Etterkvart gjorde praktiske og administrative tilhøve seg meir gjeldande, og tidleg på 1700-talet synest amtet å ha fått ei meir fast form, slik det er drøfta og grunngjeve i boka.

Jarnbanestrid

Den første «fogderistriden» slik det er definert kom etter at Kristiansund og Molde fekk byprivilegium i 1742, medan det ikkje vart skipa kjøpstad på Sunnmøre. Ålesund fekk ikkje bystatus før i 1848. Det ville vore interessant med ein analyse av årsaker til denne ulikskapen. Uansett, manglande handelsprivilegium sør i amtet ga grobotn for ein første «fogderistrid», og grunnlaget var økonomisk.

Den neste striden er målboren i amtmann Thesen sin rapport til sine føresette i 1850. Her går det fram at «amtet lider av en høist principløs Inddeling.». Det er delt både geografisk og av ulik folkekarakter og levemåte. Amtmannen ville dele amtet slik at Nordmøre gjekk ut, og hadde tidlegare gått inn for bystatus for Ålesund. Grunnlaget for deling var altså primært nasjonalistisk.

I nasjonsbygginga sin tidsalder frå rundt 1900 kom jarnbanestrid. Heilt frå midten av 1800-talet hadde det vore på tale med jarnbane gjennom Gudbrandsdalen med tilknytning til amtet, men skulle ho gå Romsdalen mot Ålesund, eller Sunndalen mot Kristiansund (Torvikbukt) eller Molde? Seinare kom også tanken om bane i Surnadal. Denne saka trua med å dele amtet, slik det er grundig drøfta. Val av jarnbaneline er primært økonomisk.

Fleire framlegg om deling

I 1913, i kjølvatnet av toglina, kom spørsmålet om deling av amtet opp i samband med tilsetjing av amtmann. Her var grunngjevinga økonomisk, men også nasjonalistisk prega med omgrep som folkelynne mv. Fram mot 1920 skulle amta i landet skifte namn til fylke, og det førde til ny strid. Frå 1919 vart namnet Møre fylke, freistnader på endring i 1921 vart ikkje noko av, men det var ikkje slutt med det. Omsyn til nasjonalistiske forestillingar om folkelynne og folkekarakter som hadde stort gjennomslag i åra rundt 1930 gjorde nok sitt til at det enda med Møre og Romsdal fylke i 1935. Fysisk antropologi er fjernt i dag, men den gongen var det seriøs vitskap.

Frå rundt 1950 kom det opp fleire framlegg om å dele fylket, mest frå søre delen. Grunngjevinga var både praktisk og politisk (representasjon, ressursfordeling), men også kulturell, med omgrep som folkelynne med røter attende til steinalderen. I nyare tid har det vore freistnader på deling ved å overføre (delar av) Nordmøre til Trøndelag, anten fordi Trøndelag fristar, og/eller fordi Møre og Romsdal ikkje gjer det? Så langt har det som kjent enda med at to kommunar har gått nordover.

Aldri på tale med fylkeshistorielag

Det er tankevekkande å sjå korleis framveksten av det som vart det profesjonelle museumsvesenet i fylket frå rundt 1900 verka som ein del av norskdomsrørsla og på den måten utvikla ein fogderiidentitet. Slik medverka nok musea til regional dekonstruksjon heller enn fylkesidentitet. I tillegg var det også prosessar her som splitta by og land, slik det er skildra i boka. Mykje av det same skjedde i målstriden og ved skiping av innflyttarlag i Kristiania/Oslo og andre større byar. Nasjonalismen trivst i eksil.

Eit anna «symptom» er danninga av historielag, som også er ein måte å dyrke identitet og opplevd fellesskap mellom dei som høyrer saman. Noko fylkeshistorielag har aldri vore på tale, det måtte bli tre. Og det måtte bli lokalhistorie. Den seinare utviklinga viser at det veks fram lokalhistorielag på kommunenivå, eller på kommunedelsnivå. Det viser kor identiteten er eller går. Det går elles fram i boka at rekrutteringa er dels svak, særleg mellom unge og innflyttarar. Kanskje er gode tider, i alle fall til no, ei forklaring på det. Det er vel helst kjensle av utrygge som gjer at folket samlar seg om dei gamle og kjende verdiane.

Knytt til kommunen

Analysen av kulturminneplanar viser også at formidla identitet er knytt til kommunen. Det er kan hende ikkje så overraskande, men fråveret av regional identitet er interessant. Utforminga av planverka er gjerne prega av ei historisk framstilling med mindre vekt på handlingsplan, og i alle høve liten samanheng mellom registrering og prioritering. Nytten ligg nok mykje i å vere ein generell dokumentasjon og legitimering av ressursbruk til kulturminnearbeid.

Korleis fylket er språkdelt viser også at det ikkje er lett å få nynorsk til å verke som identitetsmarkør på tvers av fogderia. Folk i dei høgste verv held fram nynorsk som rik kulturarv som skal vere målforma i fylket, medan fylkestinget med 22 mot 25 røyster helt på å gjere fylket språknøytralt i 2016. På Sunnmøre har to av tre grunnskoleelevar nynorsk, medan ein av tre har det i Romsdal og 15 % på Nordmøre. Nynorsk står heller svakt i dei største byane, sjølv om Ålesund kommune har vedtak om nynorsk som administasjonsmålform.

Ikke berre ei myte

Medan folket på Sunnmøre tvillaust opplever seg som vestlendingar, jf. nordvestlendingar, er det meir uklart lenger nord. Det meir diffuse omgrepet Midt-Norge høyrest vel ut som Trøndelag med omland? I Romsdal er det også band austover, medan Nordmøre, ja kva er det, om det ikkje er Vestland og ikkje Trøndelag? Om Nordmøre er ein svak identitetsregion, gjeld vel det Møre og Romsdal i endå større grad? Det er vel endå eit argument for at «fogderifylket» ikkje berre er ein myte?

Bokverket «Fogderifylket Møre og Romsdal» er ikkje ein freistnad på å leggje grunnlag for ein felles Møre og Romsdal-identitet. Det er nok like bra, for ei slik oppgåve er nok for drøy. Det boka viser er at det er langt opp og fram dit, om det i det heile er ein slik veg. Det boka også viser er at samarbeid mellom museumsfolk over fogderigrensene kan vere svært fruktbart. Her har forfattarane fått fram ny og vesentleg kunnskap om samfunna i Møre og Romsdal ved å setje ulike tverrfaglege perspektiv i samanheng. Kunnskap og innsikt om kva som gjer at omgrepet «fogderifylket» gir meining, gjer at vi også betre kan forstå samtida utan å bli forført av ulike sanningar med kort dato. Derfor er denne boka viktig.

Les også

– Modellen er ikkje framtida om ein ønskjer levande og aktive museum

Les også

Museumsreform på avvegar?