Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Noreg skal ha ein desentralisert sjukehusstruktur som sikrar beredskap og gjev alle innbyggarar eit forsvarleg og trygt helsetilbod og behandling på sjukehus. Fødeavdelinga i Kristiansund er viktig for å sikre eit godt tilbod til innbyggjarane på Nordmøre.
Førre veke var stortingsrepresentant Orten i Tidens Krav og lurte på korleis 25 mill. kroner kan bidra til å gjenopne fødeavdelinga. Som avisa skriv er spørsmålet stilt til Helse- og omsorgsministeren. Orten sår tvil om at midla som regjeringa saman med SV føreslår å løyve skal løyse dei utfordringane ein ser i dag og få opna att fødeavdelinga i Kristiansund. Fødeavdelinga treng ro, ikkje at nokon sår tvil om den.
Nasjonalt er det manglar på både gynekologar og jordmødrer. Dette påverkar som Orten peikar på tilbodet i Kristiansund. Gjenopninga av fødeavdelinga må utsetjast frå 1. desember i år til nyåret 2022. Helse Møre og Romsdal har dessverre over tid hatt utfordringar med å sikre tilstrekkeleg bemanning ved fødeavdelinga i Kristiansund. Slik er det over heile landet. Difor ønsker regjeringa saman med SV å løyve midlar til rekrutterings- og kompetansetiltak retta mot spesialsjukepleiarar. Dette hadde ikkje vore naudsynt om Orten og den tidlegare regjeringa hadde tatt ansvar når dei sjølv satt ved roret.
Fødeavdelinga skal bestå
Etter årets stortingsval, med eit nytt fleirtal og ei ny regjering, skal det ikkje vere noko tvil om at det skal sikrast eit trygt føde- og barseltilbod på Nordmøre og i Romsdal. Regjeringa er heilt tydeleg på i Hurdalsplattforma at det inneber ei fødeavdeling i Kristiansund. For å lukkast med det har det vore utarbeidd ein tiltakspakke for forsvarleg og stabil bemanning i regionen. Tiltakspakka skal særskild legge til rette for gjenopning av fødetilbodet i Kristiansund. Regjeringa sitt forslag i tilleggsnummeret om ei løyving på 25. mill. kroner til tiltaket vil bidra til meir stabil bemanning og gjenopning av eit lokalt fødetilbod. Korleis føretaket sjølv løyser dette, legg me ikkje føringar for. Det er eit tydeleg signal frå regjeringa og SV om at fødeavdelinga skal bestå. Det må Orten innsjå.
Forsvarleg bemanning
Som det kjem fram av tilleggsnummeret, som er Støre-regjeringa sitt endringsforslag til Solberg-regjeringa sitt statsbudsjett for 2022, så skal midlane gå til tiltak for forsvarleg og stabil bemanning i regionen. Forslaget er ei ekstraordinær løyving som vil bidra til ytterlegare ressursar i rekrutteringsarbeidet. Helse Midt-Norge RHF vil i føretaksmøtet i januar bli bedt om å følge opp dette. Dette vil vere viktig for å få en rask gjenopning av avdelinga. Og ikkje minst ein god start for å sikre eit stabilt, varig og godt fødetilbod i Kristiansund framover.
Regjeringspartia er opptatt av å sikre at det skal vere gode føde- og barseltilbod på Nordmøre og i Romsdal, også etter at det nye sjukehuset på Hjelset står ferdig. Og gjennom ei ekstraordinær løyving nå på 25 mill. kroner i 2022 håpar me at fødeavdelinga raskt skal gjenopnast.
Spurte om hvordan 25 millioner skal løse problemet for fødeavdelingen i Kristiansund
