Gå til sidens hovedinnhold

Fleirtalet i Møre og Romsdal?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når vart det fleirtal i Møre og Romsdal for Møreaksen?

Samferdselsministeren viser til at han har lytta til eit fleirtal i Møre og Romsdal, og såleis prioritert Møreaksen. Sitat: Flertallet i Møre og Romsdal har vært tydelig i rådene til meg. Jeg har lyttet til rådene.

Kva fleirtal ?

Når ein statsråd i den norske regjeringa bløffer slik med fakta, er det slett ikkje rart at Høgre og Helge Orten får lagt Møreaksen inn i NTP.

Det er direkte pinleg at statsråden ikkje bryr seg om innbyggjarane her i fylket, som med eit stort fleirtal i absolutt alle målingar som har blir tatt opp, klart og tydelig er imot Møreaksen.

Fleirtalet i befolkninga her i fylket ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer for kryssing av Romsdalsfjorden.

Det er berre ein måte å takke dette på for innbyggjarane her i fylket når både statsminister og samferdselsminister ikkje lyttar til folket – det er klart å tydelig seie ifrå ved valget i september ved å stemme Frp.

Heldigvis har ikkje verken Erna eller Hareide fleirtal på Stortinget, og med eit styrka Frp etter valget til hausten vil dette bety reversering og avskilting av Møreaksen.

Frp og underteikna står klart og tydeleg på innbyggjarane si side, og ynskjer full utgreiing og prosjektering av Romsdalsaksen og vurdering også av eventuelt fortsatt ferjer.


Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal Frp

Kommentarer til denne saken