Gå til sidens hovedinnhold

Fleire og fleire vil vere med i bussen mot Møreaksen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sin eigen navle er lettast å sjå, slik er det i hvert fall for Bernhard Riksfjord i sin iver etter Møreaksen.

Eit samla Frp står bak kravet om å skrote Møreaksen, og dette med bakgrunn i at partiet har evna å ta inn over seg ny teknologi og ny viten ikring saka om kryssing av Romsdalsfjorden.

At Bernhard Riksfjord og andre Møreaksen-fanatikarar framstår som ein «gammal buss» med fastlåst autopilot, rusta godt fast utan noko form for evne til å verken, snu , bremse eller stoppe, er eit godt teikn på styresett som høyrer til samfunn langt aust for Norge.

Heldigvis har store delar av befolkninga og næringslivet her i fylket, også tatt nokre piruettar og kasta kappa både fornuftig, miljømessig og med moderne tenking for Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.

Eg skal love Bernhard Riksfjord eller andre i den møldgamle, utdaterte og miljøfiendtlige Møreaksen-bussen - at eg aldri skal gje meg i kampen mot dårlige, gammaldagse og greinalause vegprosjekt slik som Møreaksen faktisk er.

Eg trur at sanninga snart kjem enda tydlegare fram, og at Stortinget og Riksrevisjonen kjem til å måtte gå igjennom målretta og grundig, korleis Møreaksen har klart å snoke seg fram.

Les også

Møreaksen: – Du har utført nok politiske piruettar no, Sve!

Les også

Møreaksen: Lurt å snu i tide

Les også: Parodien Møreaksen

Les også: Parodien er det Frank Sve som står for

Les også: Fortare fram til undergangen?

At eg og Frp har snudd etter ein omfattande prosess der vi har sett fornuften i denne saka og no går for Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden, er berre begynnelsen.

Dei personane eller partia som ikkje evnar å lytte til befolkninga og næringslivet i HEILE fylket, har heller ikkje fortjent å få stemmene til folket i stortingsvalget.

Eg ynskjer ein stortingsplass for å tjene folket og næringslivet i heile Møre og Romsdal.

Eg og Frp vil kjempe for saker og prosjekt som er fornuftige, og ikkje for «fastrusta» gamle utdaterte prosjekt slik som Møreaksen faktisk er.

Kommentarer til denne saken