Statkraft har fått i oppgåve hos NVE å lage ein skjøtselsplan for regulerte strekningar av Rinna og Surna. Det er på tide.

Det ville ikkje ha vore nokon Surnadal utan flaum. Vassdraga sin natur er at det er flaumar. Flaumane drar med seg massar ut i havet. Fjella og fjellviddene blir sakte, men sikkert til flatland. Dette tar tusenar og millionar av år. Finstoff reiser med elvene sjølv når dei er små. Grovare partiklar krev meir vassføring. Storarbeidet er det is og flaum som står for. Utan store flaumar hadde Surnadal difor vore fjellvidde eller ein mykje grunnare dal.

Noko unaturleg

Bekkar og elver har sitt eige liv gjennom året og åra. Det er ulike verknader. Viss elvekantane blir for veletablerte, vil elva bli smalare over tid, og det er sannsynleg at elva vil grave noko meir i djupna. Då kan sand og grus bli spylt ut i havet, og elvebotnen som er igjen kan vere leire. Då går det dårleg med laksen som treng grus for å gyte. Det seier oss at det er noko unaturleg viss alle elvebreiddene gror att.

Kan vere dramatiske

Laksen har vore i Surna lenge før bøndene hogg ved langs elvekanten. Årsaka til at elvekantane ikkje blei for veletablerte kan i alle fall i nokon grad ha vore isgangar som skjer naturleg. Isgangar kan vere store og dramatiske. At slike hendingar kan gjere stor skade på hus og eng er sikkert, men det er ikkje sikkert at ein skal gjere tiltak for å unngå isgang. Ser ein på dette som ein nødvendig prosess, så må ein heller passe på at hus og anlegg blir lagt slik at dei går klar av slike hendingar.

Samansette natursystem

Opp gjennom åra har elva skifta laup. Viss elva har brukt å vere 400 meter frå fjøsveggen, og så ein dag er elvebreidda berre eit steinkast unna, så er det klart at det er dramatisk. Det er også ein del av ein naturleg prosess. Elvesletter er samansette natursystem. Store areal blir flauma over med få år mellom. Saman med verknad av beiting vil ein då få store område med eng og beitemark. Andre stader har ein små pølsesjøar, restar av gamle elvelaup der det framleis er ope vatn. Er det lenger sida elva rann på staden, vil ein ha kome over til sump og myr. Mellom våtareala og enga vil ein til dømes få store mengde med or. Or er eit treslag som har nitrogenfikserande bakteriar på røtene sine. Dermed klarer dette treslaget å få tak i nitrogen sjølv om det står i sand og vatn. Det blir så rikeleg med nitrogen at treet slepp blada grøne. Dermed blir det også eit overskot av nitrogen til andre artar. Slike stader er det plass til store økosystem med mange ulike artar.

La elva vere elv

Store elvesletter har ein eigenskap som brattare areal ikkje har. Viss vatnet stig ein halvmeter på ei stor slette, så er det tale om mykje vatn. Viss tilsvarande vassmengde skal få plass i ei elv med brattare elvekantar, så vil vatnet bli ståande veldig høgt, og farta på vatnet vil bli mykje større. Ei slik elv vil grave mykje meir. Å stenge flaumen ute frå store elvesletter med elveførebyggingar kan difor føre til mykje større skade enn om vatnet får strøyme inn på slettene. Men då må ein la vere å bygge ting på elveslettene.

Naturvernforbundet helsar skjøtselsplanarbeidet velkomen. Det viktigaste er at ein held hus og anlegg unna areal som elva treng. Ta dei naturlege prosessane på alvor. La elva vere elv!