Gå til sidens hovedinnhold

Fjern firarkravet i matematikk for lærarstudentar!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Søknadsfristen for høgare utdanning har nyleg passert. Diverre er det mange kvalifiserte lærarar som slit med å koma gjennom nålauget.

I 2016 innførte regjeringa eit krav om at alle som ville utdanne seg til lærar, måtte ha karakteren fire i matematikk frå vidaregåande for å koma inn på lærarstudiet. Det gjaldt uansett kva fag dei ville utdanne seg i og spesialisere seg i.

Den 12. april publiserte Lene Vadseth Larsgård, stortingskandidat for Høgre i Møre og Romsdal, eit innlegg der ho hevdar at «Å vrake firerkravet er en nedgradering av læreryrket». Det er ein påstand eg meiner er usann.

Då eg sjølv søkte meg inn på lektorutdanninga med fordjuping i norsk og samfunnsfag, var det så vidt eg kom inn. Ikkje på grunn av snittet, men på grunn av ein mattekarakter, som eg så vidt fekk redda i hamn. På tross av mattekarakteren, er eg likevel ikkje i tvil om at eg kjem til å bli ein kompetent lektor. Og det er eg ikkje åleine om.

Det er mangel på kvalifiserte lærarar. Og det er ingen tvil om at kravet ekskluderer mange av desse. Larsgård har rett i at nye framskrivingar frå SSB viser at Noreg kan ha eit overskot av lærarar i skulen frå 2027. Men firarkravet i matte er likevel ikkje vegen å gå for å auke kompetansen.

Les også

Å vrake firerkravet er en nedgradering av læreryrket

Firarkravet bidrar ikkje til å senke statusen til læraryrket, og det er ikkje med på å senke ambisjonane for lærarstudentane. Det kan kanskje sjå slik ut på papiret, men ikkje i praksis. Det gjer kravet til rein symbolpolitikk, og skaper ein definisjon om kva som er rekna som verdig kompetanse.

Ja, det er viktig å sikre kompetansen blant lærarar i den norske skulen. Men kompetanse kan ikkje målast i ein mattekarakter – særleg ikkje om kompetansen ein skal tileigne seg skal kvalifisere til å undervise i kultur, språk og samfunnsfag.

I innlegget skriv Larsgård at «En god lærer er det viktigste for å gi alle elever like muligheter». Elevar er ulike, og det er studentar også. Dersom ein gjer det godt i andre fag, kan ein ha utfordringar ved å meistre mattefaget.

Saka er grei dersom ein skal sikre undervisingskompetanse i realfag, men problemet oppstår når ein skal greie alle lærarstudentar inn under same kam. Det gjer at lærarstudentar som ikkje skal undervise i realfag må igjennom eit nålauge som virker langt i frå si hensikt.

Nei, du treng ikkje fire i matte for å bli ein god lærar. Fjern firarkravet i matematikk for lærarstudentar!

Kommentarer til denne saken