Programmet «Fjell og fjord» viser vakre strender, flott landskap og terreng med mangearta historikk.

Stadnamn og hendingar går hand i hand gjennom biletserien som historielaget har sett saman. Kvifor heiter det Åbitshaugen? Kva betyr Sjølgjetla? Korleis kom Jutulsteinen dit han ligg?

Mest blir programmet ein fryd for auget. Og om ikkje alle i salen lenger er båtfolk eller fjellgeiter, vil lerretet by på mykje gjensynsglede.

Arrangøren har lagt inn ein liten konkurranse under tittelen «Kjenn ditt land»- kanskje med premiering? Her får alle prøve seg.