Gå til sidens hovedinnhold

Finale på museet: – For ei stemning!

Innsendt bidrag

Taktfaste dunk frå båtmotoren ved trappa akkompagnerte avslutningsmiddagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

– For ei stemning! sa pensjonert sjømann Torstein Eidem frå Tingvoll.

– Tøffinga frå Sabben gjenskaper atsmosfæren frå ei tid som var!

Og Inge Dønheim i historielaget var einig:

– Både lyden og lukta minner om «Skulbåten» frå barndomens dagar på Bølandet!

Motormennene Gunnar Strand og Anders Vaagland sørga for at den 60 år gamle 6-12-hestaren gjekk som ei klokke på typisk Sabb-vis.

Inne på museet gjekk praten muntert rundt borda – denne gong med både middag og kaffe.

Sommarfjøset var garderobe

Biletserien med tilbakeblikk på idrettslivet i bygda vekte interesse og fekk fram kommentarar. Mangt har endra seg sia 75-årsjubilant Bøfjord Idrettslag starta opp i 1946: Fotballaget bruka eigne undertrøyer til drakter og vart kalla «Makkolaget». Knottane under skorne vart spikra fast. Og sommarfjøset var garderobe!

Steinar Skrøvset (84) og Paul Bøe (85) var blant fotballveteranane i forsamlinga.

– Eg hugsar at skosolen min rivna under kampen på gamle Leikarvollen da vi slo storlaget Todalen 2-1 i 1953, fortalte Paul.

– Men vår omsorgsfulle lagleiar Sten Skrøvset skaffa meg nye fotballsko frå Halsa Skofabrikk, og på neste kamp var eg verkeleg godt skodd!

Trim jorda rundt

Trimløp av ymse slag har prega Bøfjord Idrettslag – som «Blåfjelløpet» (snart 50 sesongar) og «Åsskardfjorden Rundt» (sia 1983). Ja – endatil «Kyrkjetrim» har vore eit begrep i over 30 år.

Trimtreffa skaper sosialt samhald. Og med bortimot 30 løyper har opplegget «Turar i Bøfjorden» vore ein suksess. År om anna har trimpostane hatt besøk som tilvarar lengda rundt jorda ved ekvator!

Veteranen Ole Flessen (83), med over 1600 startar i ulike turløp, var også til stades under jubileumsmarkeringa for idrettslaget.

Ein rykande fersk klubbrekord kan tilskrivast Anders Melling (42), som nettopp deltok i manndomsprøven «24 Hours in Hell» i Stjørdalen. På eit samanhengande døgn frå fredag til laurdag la han bak seg 127 kilometer landevegsløp – omtrent ein Trondheims-tur!

Dagen og sommaren på Bøfjorden Sjøbruksmuseum vart avslutta med trekning av sesongens utlodning.

Kommentarer til denne saken