Festivalens musikalske gudfar gir seg

FESTIVAL: Sigrid Vetleseter Bøe og Trygve Brøske er to av aktørane som denne uka gjer seg klar til Stangvikfestivalen. Her dei saman med Henning Sommerro (til venstre) i samband med Kleivakvelden 2019.

FESTIVAL: Sigrid Vetleseter Bøe og Trygve Brøske er to av aktørane som denne uka gjer seg klar til Stangvikfestivalen. Her dei saman med Henning Sommerro (til venstre) i samband med Kleivakvelden 2019.

Av

Stangvikfestivalen nærmar seg med stormskritt.

DEL

– Vi er ein av dei få festivalene som i koronatida har bestemt seg for å halde festival. Vi har ein nedskalert festival, men inviterer til fest to dagar til ende, sier Jo Inge Nes fra Stangvikfestivalen.

– Styrt skuta sidan første festival

Aktørar som Marianne Meløy, Jon Balke, Alpaca Ensemble, Rasmus og verdens beste band, Eir Inderhaug, Sigrid Vetleseter Bøe, Unni Løvlid, Trygve Brøske, Erlend Smalås, Jo Inge Nes, Mira Askelund og festivalkunstnar Edith Lundebrekke skal fylle bygda med musikk og kunst den siste helga i juli.

– Vi gjer spesielt oppmerksom på at dette er siste festival der Trygve Brøske sitt som kunstnarisk leiar. Han har sagt seg villig til å fortsatt bli med på laget, men trer til side for nye krefter på den kunstnariske sida. Han er jo som de sikkert veit festivalens musikalske gudfar, og har styrt skuta sidan første festival i 1999.

Bor på prestegården

Frå onsdag er dei fleste aktørane på plass, og har sin bostad på Stangvik prestegard. Det er på prestegarden ordførar Margrethe Svinvik skal åpne festivalen fredag 31. juli. Det er for øvrig nokre få billettar igjen på åpningskonserten og kyrkjekonserten.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken