Gå til sidens hovedinnhold

Ferjefri E39 og Møreaksen – for smått

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Planane for ferjefri E39, med Møreaksen som eit ledd i ferjefri E39, er altfor smått tenkt for Møre og Romsdal.

Viss det er så at vegen frå sør kjem inn i fylket i Stryn, så er det vel ikkje til å unngå at han må innom både Volda – og eit par meter innom Ørsta. Då har Indre Søre fått sitt, og Ytre Søre må få sitt – om så berre litt.

Det er heilt meiningslaust om ikkje vegen tar turen til Herøy og Fosnavåg. Med dagens teknologi kan vi ikkje sjå bort frå at det lar seg gjere å trekke røyr i havet frå Runde til Alnes på Godøya. Problemet er at Ulsteinvik blir forsømt, viss dei ikkje blir med på vegen ut til Herøy.

Valet kan stå mellom Runde og Ulstein. Skal vegen innom Ulsteinvik, så kan han halde fram snarvegen om Flø, før han går over Breisundet til Godøya i Giske, og vidare til Valderøya og Vigra.

Då ligg snart Nordøyvegen ferdig og ventar på å bli knytt saman med Vigra. Berre med eit enkelt knep blir Nordøyvegen forlenga til Sandøya og Ona, slik at Ålesund by blir øyfast.

Les også

Romsdalsaksen eller Møreaksen

Les også

Se full oversikt: Slik blir nasjonal transportplan for Møre og Romsdal 2022-2033

Med moderne teknologi er det den minste sak å smyge vegen fram frå Ona over Flatfles og Bjørnsund til Bud. Der ligg alt Atlanterhavsvegen snorrett til Kristiansund. Einaste som trengs er litt lysregulering på dei smalaste partia langs Hustadvika.

At det bur ein grunneigar på Otrøya i Midsund og ein avdanka bokhandlar i Molde som ikkje får sjå E39, det er fullstendig uvesentleg.

No har E39 alt blitt så ferjefri, så no kan han halde fram som ferjefri veg frå Kristiansund til Tustna og Aure, før han smyg seg vidare inn i Trøndelag, og langs etter Trondheimsleia fram til E6 i Trondheim.

Skal E39 bli ferjefri, så får vi finne fram til dei traséane som gjer han verkeleg ferjefri – ut mot havet. Slik kan det maritime miljøet i Møre og Romsdal få vist verda at vi ikkje treng ferje i ferjefylket.

Kommentarer til denne saken