Fem vinnarar får 100.000 kroner til Draumeplassen

STØTTE: Prosjektet Tursti Toåa i Todalen er eitt av mange prosjekt som har fått stønad frå Draumeplassen.

STØTTE: Prosjektet Tursti Toåa i Todalen er eitt av mange prosjekt som har fått stønad frå Draumeplassen.

Av

No kan lag og organisasjonar vinne 100 .000 kroner og prosjekthjelp til å realisere sine draumeplassar.

DEL

Har de tankar om korleis bidra til friluftsglede og meistring i naturen? Gjensidigestiftelsen og Sparebanken Møre har gjeve midlar til konkurransen Draumeplassen i Møre og Romsdal.

– Vi er veldig glad over å kunne hjelpe lokalsamfunn i Møre og Romsdal til å skape møteplassar i nær-naturen, seier prosjektleiar for Draumeplassen i Møre og Romsdal, Karianne Ellefsen Skotte.

Konkurransen er delt inn i to fasar, der den totale prosjektperioden går over to år. I første fase «søknadsfasen»- er det visjonen, ideen, bærekrafta og den lokale nytteverdien som står i fokus. I fase to skal man kvalitetssikre om prosjekt er praktisk gjennomførbart. Dei fem vinnarane som går vidare får 100 000 kroner, prosjekthjelp og draumeplassen-tavle til å henge på sin naturmøteplass.

Draumeplassen blei gjennomført for første gong i 2019 i Møre og Romsdal, og fem vinnarar blei kåra.

Det har vore ei veldig stor interesse for prosjektet.

– Det kjekkaste med å vinne desse midlane har vore det å kunne realisere ein draum vi lenge har hatt, og jobbe på tvers av organisasjonar, frivillige og generasjonar. Ungane i gruppa har hatt ulikt arbeid som matlaging, bygging, dokumentering og spikking langsmed prosjektet, og læringskurva har vore stor, seier eine vinnargruppa frå 2019.

Derfor ønskjer 4H Møre og Romsdal no å gjennomføre ein ny runde der lokalsamfunn i fylket kan vinne pengar og prosjekthjelp til å skape opne møteplassar i naturen. - Naturmøteplassar er som ein ballbinge i naturen der læring om friluftsliv, natur og miljø står i fokus. På denne måten vil vi heve det kortreiste friluftslivet, få fleire til å bli aktive i friluft og skape auka glede og kunnskap om naturen, seier prosjektleiar Karianne Ellefsen Skotte.

Erfaringane viser at dette er ein konkurranse som mobiliserer lokalmiljøa og resulterer i spennande lokale prosjekt. Desse møteplassane vil engasjere fleire menneske i aktivitet, og prosjektet vil være ein læringsprosess der barn, unge og voksne gjennom deltakelse opplever mestring og læreingsglede i naturen.

For meir informasjon om konkurransen gå inn på naturmoteplassen.no og klikk deg inn på «Draumeplassen, Møre og Romsdal».

Naturmoteplassen.no er ei nettside med mange gode verktøy som er nyttige i arbeide med å skape eller vidareutvikle naturmøteplassane. Det er lagt ut byggepakkar for naturmøteplassar med teikningar, 3D-modell, materiallister, budsjett og tips til prosessen som kan være lurt å sette seg litt inn i for å få inspirasjon til korleis utforme sin draumeplass.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken