Tidens Krav publiserte 11. mai 2021 eit innlegg frå Jenny Klinge, som hadde både feil og upresise framstillingar. Eg kan derfor ikkje unnlate å kommentere den.

Med verkand frå 26. april 2021 har vi i Norge gjennomført ein strukturendring av domstolane, der vi gjekk frå 60 sjølvstendige tingrettar til 23 tingrettar. I det norske rettsvesenet har desse endringane fått brei støtte, både innad i domstolane og frå øvrige aktørar i rettsvesenet. Den nye strukturen inneberer at alle tidlegare domstolar har blitt gjort om til rettsstadar. Alle tilsatte i dei tidlegare domstolane har no faste kontorplassar på same stad. Den nye tingretten har ikkje filealar og 70 tilsette, men fire likestilte rettsstadar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og med tilsaman 46,1 stillingheimlar. Saker som tidlegare høyrde under Nordmøre tingrett, skal som hovudregel også gjennomførast på rettsstaden Kristiansund. Tilsvarande vert det for dei andre rettsstadane. Domstolen skal ha felles leiing og det er eit mål at vi saman forvaltar ressursane på best muleg måte og slik at vi får større rom for fagleg utvikling.

Stillinga som domstolleiar for Møre og Romsdal tingrett vart lyst ut offentleg, med høve til fast kontorstad til eit av dei fire rettsstadane. Det var eit uavhengig og breitt samansatt Innstillingsråd for alle dommarstillingar i Norge, som har ansvar for alle dommarstillingar. Innstillingsrådet innstiller alltid den best kvalifiserte for stillinga.

Vi har no lyst ledig stilling som nestleiar, med krav om fast kontorstad i enten Kristiansund, Molde eller Volda, sidan domstolleiar har fast kontorstad i Ålesund.

Etter eit år med domstolsdrift under pandemien, har vi lært oss nye digitale arbeidsmåtar og verktøy tilpassa situasjonen. Eg meinar ikkje at digitale møter erstattar fysiske treff, men eg trur vi innan monge yrker og arbeidsplassar framover, vil arbeide annleis enn vi gjorde før pandemien.

Som domstolleiar har eg eit ansvar for at vi skal ha fire likestilte rettsstadar i Møre og Romsdal. Alle rettsstadane skal ha lokalar og utstyr tilpassa krav til sikkerhet og moderne drift. Alle tilsatte skal oppleve gode arbeidsvilkår og eit godt arbeidsmiljø. I domstolen skal vi utføre våre oppgåver til det beste for alle som har behov for saker handsama av Møre og Romsdal tingrett.

For meg som leiar av tingretten er det overordna at vi arbeidar saman for betre ressursutnytting, samtidig som vi skal få større rom for fagleg utvikling, og moderat spesialisering innan enkelte fagområde. Målet er at Møre og Romsdal tingrett skal vere ein av dei leiande domstolane i landet og med fire sterke rettsstadar.

Les også

Sjølvstendig domstol i Kristiansund no?

Les også

Kva no for domstolane på Nordmøre?