Årsmøtet i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal er sterkt uroa for fastlegeordninga slik den utviklar seg.

Fastlegeordninga inngår i det kommunale ansvaret for helse- og omsorgstenester. Antallet fastlegeavtaler er ikkje regulert ved lov eller av sentrale myndigheiter.

Kvar enkelt kommune må tilsette personell eller inngå antall driftsavtalar som er nødvendig. Det krev sterk nok økonomi til å møte behovet, samt rekruttering av legar som ønskjer å jobbe som fastlege.

Over 120.000 personar er utan fastlege. Høgt arbeidspress fører til høg turnover og lav rekruttering.

Myndigheitene har gjennom lov og forskrift lova at alle innbyggerne skal ha rett til fastlege, og også rett til å skifte lege når dei ønskjer. Det er verken i lov eller forskrift teke stode til kor mange fastlegeheimlar som skal opprettast.

Etterspørselen er svært stor, jamf. at 120.000 personar står utan fastlege. Det fører ikkje berre til stort press på fastlegane, noko som blir tydeleg fronta, men er eit skrikande problem i dei kommunane som ikkje har faste legar. Heile fastlegeordninga står i fare, og er i ferd med å havarere i nokre kommunar, og er diverre prega av misnøye både frå legar og pasientar. Sjølv om der er gode unntak, klarar mange kommunar ikkje å levere den fastlegeordninga som myndigheitene lovar befolkninga.

Mekanismer som følgjer av tilbod og etterspurnad gjer at mange kommunar strekker seg svært langt i håp om å få inn fast fastlege. Dette gjeld både økonomiske vilkår og arbeidsforhold. Grunna stort arbeidspress ber legane om reduserte lister og fritak, eller redusert plikt til å ta del i legevakt. Det blir i stor grad opp til kommunane å skaffe vikarar, som stadig skiftar. Lister som vert betent av stadig skiftande vikarar blir ikkje røkta slik dei skal, og slik pasientane har krav på. Vikarmarkedet er uttørka og gjer at kommunane, for å oppretthalde legetilbodet, blir nøydde til å akseptere stadig skiftande og kostbare korttidsvikariater, der kvaliteten ikkje alltid er optimal.

Heile fastlegeordninga må evaluerast og gjevast eit kvalitetsløft . Ein må sjå på den enkelte lege sine arbeidsoppgåver om kva som kan takast bort. Ein må også sjå på rammebetingelsane rundt ordinga og nye måter å organisere og drive fastlegeordninga på. Ein må sjå mykje meir på korleis sette kommunane driftsmessig og økonomisk i stand å levere den fastlegeordning som myndigheitene lovar og innbyggjarane krev.

Ved å lesse av unødvendige arbeidsoppgåver frå legane til anna helsepersonell -til dømes ved oppretting av primærhelseteam knytta til legekontora-, kan ein få ned arbeidspresset. Fastløn vil mange stadar vere ei betre driftsform, særleg ved teamarbeid.

Pensjonistforbundet Møre og Romsdal tvilar sterkt på om tilbod og etterspurnad fokusert på legen i så stor grad aleine, må få lov å styre det kvalitetsløftet fastlegeordninga så sårt treng.


Fylkesårsmøtet i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal.