– Ingen fare for havørna

Rapporterer
						: I mai var Eckhart Kujken (til venstre) og Carolina Lasen Diaz frå Bernkonvensjonen sitt sekretariat på Smøla. No er rapporten om Smøla vindpark levert.

Rapporterer : I mai var Eckhart Kujken (til venstre) og Carolina Lasen Diaz frå Bernkonvensjonen sitt sekretariat på Smøla. No er rapporten om Smøla vindpark levert.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

SMØLA: Statkraft hevdar at vindturbinane på Smøla ikkje er nokon risiko for den lokale havørnbestanden. Havørnforskarane går ikkje god for påstanden.

DEL

Ein rapport til Bernkonvensjonen anbefaler at deler av vindparken bør stoppe i periodar for å unngå at fleire havørn blir drept i møte med rotorane på vindturbinane.

Les også: Kan ha brutt konvensjon

26 døde havørn over tre år gir grunn til aksjon, meiner rapportforfattar Eckhart Kujken, som er tilsett i sekretariat i Bernkonvensjonen. Han anbefaler at vindturbinane i Smøla I og II blir plukka ned når konsesjonen for vindparken går ut i 2026.

Stakraft avviste mandag å kommentere rapporten. Men kommunikasjonsrådgjevar Aslak Øverås meiner at havørnbestanden i Norge er meir robust enn nokon gong.

– Ifølge forskarar ved Norsk institutt for naturforforskning er det ingen fare for havørnbestanden, verken på Smøla eller i landet totalt sett, seier Øverås.

Ingen konklusjon

Kjetil Bevanger i instituttet står i spissen for eit forskningsprosjekt som med støtte frå mellom andre Statkraft ser på konflikten mellom fugl og vindturbinar på Smøla.

Han vil ikkje gå god for påstanden frå Aslak Øverås.

– Vi er midt i eit forskingsprosjekt, og kan ikkje kommentere bestanden lokalt før prosjektet er ferdig. Det skal vere avslutta i 2011, og før alle data er samla inn, er det ikkje grunnlag for å konkludere. Derfor kan eg ikkje svare ja eller nei på spørsmål om kva vindparken har å seie for havørnbestanden på Smøla, seier havørnforskar Kjetil Bevanger.

Strategi

Rapporten som Eckhart Kujken laga etter at han besøkte Smøla vindpark i juni, skal behandlast på Bernkonvensjonen sitt møte i november. Kujken meiner etableringa av Smøla vindpark viser at det er behov for handling, og at ein no treng ei prøvesak.

Rapporten slår fast at regjeringa i Norge ser ut til å følge ein strategi som går ut på å ikkje ta omsyn til viktige område for fugl eller natur når målsettinga om nye 3 TWh vindkraft innan 2010 skal fyllast.

Artikkeltags