Gå til sidens hovedinnhold

Fakta frå Sve

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sp derimot framført av Klinge, gjekk faktisk til valg på Romsdalsaksen og snudde tvert om og støttar no Møreaksen.

Dette er fakta. Fram til 2017, var der ikkje utgreiinger som støtta opp under flytebruer, men hausten 2017 kom utgreiinga frå Vegdirektoratet og Statens vegvesen region vest som konkluderte med at flytebruer var meir enn realistisk.

Statens vegvesen region vest gjekk vekk frå djupe undersjøiske tunellar på sitt ferjefrie E-39 prosjekt Hordfast over Bjørnafjorden, og skal no bygge 5 kilometer endeforankra flytebruer over eit av kystens tøffaste fjordområde.

Les også

Svada frå Sve

Endra standpunkt

Statens vegvesen region midt derimot, hadde forleda alle her i fylket til å tru at Sekkfast( Romsdalsaksen) ikkje kunne byggjast med flytebruer, noko som altså grundig vart motbevist hausten 2017. Frå dette tidspunkt endra eg og Frp standpunkt, og krev at ny, miljømessig, trygg og billigare teknologi slik som flytebruer, vert nytta for kryssing av Romsdalsfjorden.

Sp og Klinge derimot, gjorde som vanleg stikk motsatt og går baklengs inn i framtida ved å velge blindt Møreaksen, snart 400 m under fjorden i cirka 6 mil med tunellar og ny E-39 gjennom og forbi Molde.

Les også

Sp og Klinge= Møreaksen

Churchill

Winston Churchill uttalte følgjande: «Den som ikkje evnar å skifte standpunkt, evner ikkje å utrette noko som helst». Eg og Fp evnar å skifte standpunkt når ny teknologi er tilgjengelig, og velger Romsdalsaksen/flytebruer eller fortsatt ferje framfor djupe undersjøiske tunellar som folket ikkje vil ha.

Så registreres eg at Jenny Klinge fortsatt hardnakka skal byggje Møreaksen. Du kan stoppe dette ved å slett ikkje støtte Møreaksen-partia slik som Sp, Ap og Høgre i stortingsvalget 13. september. Ikkje er Møreaksen byggeklar, ikkje blir den byggeklar, og ikkje blir den bygd dersom du brukar stemmeretten 13 september.

Stopp Møreaksen. Stem Frp.

Les også

Stopp Møreaksen

Kommentarer til denne saken