« Faglige vurderingar, skriv daglig leiar i Møreaksen Harald Espeland, men har kun DU Espeland klippekort på sanninga?»

Når eg les innlegget frå Espeland og Møreaksen as, så minner dette meg mest om eit dårleg eventyr.

Les også

Møreaksen, målinger og faglig grunnlag

Punkt etter punkt vert det framsett skråsikre konklusjonar på såkalla «faglig grunnlag» som etter mitt begrep er rett og slett bløff og regelrett tøv.

Korleis kan Espeland vite at Romsdalsaksen skulle vere 6-14 milliard Kr «dyrare» enn Møreaksen, når Romsdalsaksen ikkje er forsvarleg og likeverdig utgreidd, -og ein heller ikkje anar eit kvidder om pris, trasé eller løysingar for vegsystema nord og sør om fjordkryssinga med Møreaksen?

- Kvar skal vegen gå forbi Molde?

- Kva blir prisen på dette?

Verkar som Espeland veit noko bystyret i Molde ikkje veit, for her tyder mykje på at svært lite er klarert verken gjeldande trasé, løysing eller kostnad.

Mine erfaringar og erfaringane frå til dømes Hordfast viser at Romsdalsaksen sannsynligvis blir vesentlig lågare i pris pga ei rivande teknologiutvikling for flytebruer.

At Møreaksen skal kunne byggjast til ein brøkdel av prisen til Rogfast, er ihvertfall berre synsing og absolutt ingen kan garantere kva ein treffer på av problem 3-400 m under fjorden.

Det mest latterlige eg har sett, er påstanden frå Espeland og Møreaksen om at det er 47 minutt raskare å køyre Møreaksen eller å ta ferje.

Korleis er dette mulig?

Når ein står i Vestnes og skal ta ferje over fjorden, tar dette 30-35 min, og no er det så mykje ferjer at sjølv eg ikkje gidd å bry meg med ferjeruter, kjem ei ferje raskt uansett.

Dersom Espeland altså skal kome over fjorden 47 minutt raskare via Møreaksen enn med ferje, ville han altså måtte vere framme ca 15-17 minutt, FØR ferja starta,

Sjølv med jagarflyet F35 ville Espeland ikkje bryte desse naturlovene.

Slutt med slikt sludder Møreaksen as, dette er ikkje berre tåpeleg, men reinspikka vrøvl.

Osv, osv i Espeland sitt innlegg, er det side opp og side ned med så mykje greinaløyse at dette kan umulig Espeland tru eit komma på sjølv?

Så til slutt vil eg seie dette:

Når byråkratar og sjølvoppnevnte superkonsulentar i selskap som Møreaksen hevar seg over folket og demokratiet, då er det verkeleg på tide å ta ein fot i bakken

Norge er tufta på eit godt folkestyre, og det er folket som til sjuande og sist bestemmer i dette landet, ikkje konsulentar, byråkrati eller såkalla fagfolk.

Møreaksen as og Espeland er faretruende nær å tråkke over grensa med sine angrep og der han «tråkker» på meiningane til vanlige folk, meiningane i seriøse målingar og såleis framstår dette som eit angrep på demokratiet.