Gå til sidens hovedinnhold

Er Ukraina tent med Nato-medlemskap?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Aust-Ukraina, der no russisk-talande befolkning gjer opprør, var Ukrainas mest oppegåande industri-område under Sovjetunionen. Der var full sysselsetting, det var det viktigaste området for delstaten Ukrainas økonomi.

No er dette snudd på hovudet, aust er herja og utarma av krig og også sråkleg og kulturell undertykking, Dei blir diskriminert og nedprioritert innafor det fattige landet Ukrainas økonomi. Dette har eg m.a. frå ukrainarar som inntil i fjor jobba periodevis i Norge og sjølve kjem frå vest.

Dei er solidariske med dei russisk-talande arbeidarane som gjer opprør i aust.

Det er ikkje blitt betre med den siste presidenten Selenskij.

Russland har støtta opprørane i aust, i allefall politisk og moralsk, men Putin har tidlegare uttalt, også overfor vestlege styresmakter, at Russland ikkje har til hensikt å okkupere aust-Ukraina.

Er det rart at Russland er redd Nato?

Det politiske bakteppet no er at Nato-land, med USA i spissen, har øydelagt fleire sjølvstendige statar med austleg orientering, Irak, Libya og Syria.

Sivilfolk i mange 10-tusental er drept, husa deira er smadra til ruinar, instituasjonar og velferdsstat er lagt i ruinar.

Russland har prøvd å stille opp, i Syria støtta dei landes lovleg valde regjering, også militært, og jaga ut vestelege okkopantar, endå om USA held fram med å infiltrere landets olje-produksjon og oljeøkonomi.

Natos aggressive imperialistiske karakter og imperialistiske praksis er så klart ein trussel for fleire austlege land, land som tidlegare var ein del av Sovjetunionen.

Det er Ikkje rart at Russland prøver å sette ned foten, når vi alle veit kva Nato gjorde med Libya og Syria t.d.

Russland fører ein antiimperialistisk kamp, sett i forhold til Natos agressive militarisme med oppbygging av militære basar i alle Natoland, også i Norge.

Dette er tilfelle, endå om økonomien der er prega av oligark-eigd økonomi.

Dei politisk valde styresmaktene der har endå ein del dei skulle sagt.

Kommentarer til denne saken