Har du tenkt over kvifor det i alkohollova § 8-9 står ei liste over stadar der det er serverings- og drikkeforbod for alkohol? I punkt 5 står det at det at dette forbodet omfattar gate, torg, veg, park eller annan offentleg plass.

Dette forbodet mot drikking på offentleg stad tek utgangspunkt i at born og unge skal ha trygge stadar å vere. I rapporten «Parken for alle» som Opinion la fram på oppdrag frå IOGT om alkoholbruk på offentlig plass i 2018, hadde 1 av 4 ungdommar under 30 år opplevd ubehagelege situasjonar knytta til alkoholbruk på offentlege plassar.

Organisasjonen IOGT er opptatt av at uteområde som parkar og andre offentlege stadar skal vere trygge for born og unge.

Spørreundersøkinga som Opinion gjorde for nokre år sidan viser blant anna at:

• ein av fire under 30 år har opplevd ubehagelege situasjonar knytta til alkoholbruk på offentlege plassar i åra 2016-2018. For heile utvalet er tilsvarande tal ein av fem

• 62 prosent støttar dagens forbod mot alkohol på offentleg plass

• 57 prosent avgrensar sin eigen alkoholbruk på offentleg plass på grunn av forbodet

• 44 prosent har ikkje drukke alkohol på offentleg plass på grunn av forbodet

• 60 prosent er bekymra for at det vil verte meir alkoholbruk på offentlege plassar dersom forbodet vert opphevaover halvparten ønsker betre handheving av forbodet.

I Noreg er dei fleste samde om at det ikkje skal vere lov å drikke alkohol på offentleg stad.