«Det skal vere lett å ta rusfrie val», heiter det i bodskapen frå den internasjonale freds- og edruskapsorganisasjonen IOGT. Organisasjonen hadde nyleg ein inspirasjonskonferanse på Åsane Folkehøgskole ved Bergen, med rundt 50 deltakarar, og her sto fleire av dagens utfordringar i ruspolitikken sentralt. To av dei mest sentrale førelesarane var henta frå Sverige, IOGT/NTO-leiaren Lucas Nilsson, som snakka om bruk og tenking om alkohol i Sverige i dag, og Steffan Hubinette, seniorrådgjevar i Narkotikapolitisk center, som snakka om internasjonale trendar i cannabispolitikken.

Nilson peikte på den tydelege nedgangen i alkoholbruk i dei yngre generasjonane i Sverige dei siste 20 åra, medan Hubinette snakka om det enorme trykket som for tida skjer med sikte på kommersialisering og legalisering av cannabis. Utgangspunktet er USA og Canada, men no er påverknadene store mot Europa, og fleire land har opna for meir liberale holdningar til cannabis. Cannabisindustrien prøver å påverke media, politiske parti, politi og regjeringar, og stiller gjerne med eiga forsking som gir argument om skatteinntekter og auka vekst, betre helse, sosial rettferd og reduserte politiutgifter,

Men Kristina Sperkova, internasjonal leiar av Movendi (tidlegare IOGT), fortalde om det arbeidet som no skjer mellom anna i regi av WHO og UNICEF, for å synleggjere og samkøyre ruspolitikken opp mot menneskerettane og internasjonalt folkehelsearbeid. Retten til liv og helse står sterkt, og kan vanskeleg sameinast med liberal tilgang på alkohol og andre rusmiddel. Det er elles viktig å ha i mente – sjølv om delar av media gir eit anna inntrykk – at det ikkje er noko folkekrav korkje i Noreg eller Sverige at narkotikapolitikken skal liberaliserast.

IOGT i Noreg fyller 150 år om 5 år. Underskrivne leia ei arbeidsøkt under seminaret om korleis IOGT kan arbeide med historie med tanke på synleggjering og aktualisering fram mot jubileet.

Les også

Vil du ta vare på hjartet ditt?

Les også

Betalar du for andre sin alkoholbruk?