Gå til sidens hovedinnhold

Energipolitikk og partival

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I distrikt som Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, betaler kundane fleire tusen kroner meir i nettleige enn i storbyane. Altså – der krafta blir produsert, er den dyrast!

Lik pris heile landet

Slik det er no, er straumen dyrare i distrikta, og anleggsbidraga gjer det vanskeleg både for næringsliv og busetting i distrikta. Vi har mange døme frå vårt fylke på dette. Senterpartiet vil få på plass ei ordning for utjamning av nettleige som sikrar likt prisnivå i heile landet, sikra opprusting av straumnettet og greia ut ei ny ordning for utrekning av anleggsbidrag ved oppgradering eller tilkopling til straumnettet i distrikta. Vi forstår ikkje at regjeringspartia og Frp ikkje har gjort noko med dette. Både Sp og Ap har programfesta at vi vil utjamne nettleiga.

Les også

1.600 nye vindmøller for å elektrifisere sokkelen

Vindmøller

Energipolitikken er viktig for Sp. Bruk fem minutt og sjå på programma. Det stemmer t.d. ikkje som Frp seier, at Sp vil elektrifisere heile sokkelen frå land ned 1.600 nye vindmøller og auka straumpris som resultat. Der det kan vere aktuelt med vindmøller på land, skal kommunane ha vetorett om Sp får det som vi vil. Sp vil sikre rimeleg straum til industri og anna næringsverksemd, og er sterkt kritisk til fleire utanlandskablar.

Vi vil arbeida for ei effektiv konsesjonsbehandling for utbygging av fornybar energi. Grunneigarar, rettshavarar og lokalsamfunn skal få ein rettmessig del av verdiskapinga. Vi vil auke vasskraftproduksjonen vår gjennom rehabilitering, fornying og utviding av eksisterande kraftproduksjon. Grunnrenteskattelegginga må innrettast slik at denne typen investeringar vert oppmuntra.

Solkraft er ein desentralisert energi og bør takast i bruk i langt større skala både i offentlege og private bygg og i næringsbygg.

Staten må bidra

Satsing på bioenergi må også utviklast vidare med tanke på både lønsemd og marknadsmoglegheiter. Senterpartiet meiner staten må bidra til at det vert utvikla verdikjeder for produksjon og bruk av biogass og biokol. Både husdyrgjødsel, treavfall, fiskeavfall og anna avfall vil vera interessant som grunnlag for biogassproduksjon.

Vi vil sikra lokal og nasjonal forankring av småkraft gjennom å forby sal av fallrettar og ha maksimal utleigeperiode på 30 år og sikra nasjonalt eigarskap til vindkraftanlegg og greia ut heimfallsrett for vindkraftanlegg. Sjølvsagt vil vi verna sentrale norske gyteområde og fiskefelt mot utbygging av havvind.

Sp vil også satse på hydrogen gjennom ambisjonar om langsiktige rammevilkår, infrastruktur, investeringsstøtte og offentlege anbod.

Vi har foreslått å etablera eit grønt investeringsselskap med minimum 10 mrd. kroner i kapital for utvikling av – og strategiske investeringar i – norske bedrifter som baserer seg på grønt karbon som t.d. biogass og biokol, og dessutan andre bedrifter som satsar på bioenergi eller biobaserte materiale.

Kommentarer til denne saken