Energieffektivisering gir straum og sparer naturen!

«Dersom ein i staden satsar tungt på tiltak for energisparing, spesielt i bygg, blir det mange gongar så mange arbeidsplassar med dei same investeringane». skriver artikkelforfatteren.

«Dersom ein i staden satsar tungt på tiltak for energisparing, spesielt i bygg, blir det mange gongar så mange arbeidsplassar med dei same investeringane». skriver artikkelforfatteren.

Av

Vindkraft raserer natur. Energieffektivisering sparer naturen, og gir mange gongar så mykje straum som same offentleg støtte til vindkraft. Dessutan langt fleire arbeidsplassar. Valet burde vera enkelt!

DEL

LeserbrevVindkraftselskapas organisasjon, Norwea og Maskinentreprenørenes forbund har begge skrive til Olje- og Energidepartementet og bede om rask saksbehandling for nye vindkraftverk, og bruker arbeidsplassar og korona-krisa som argument. Men dette er dårlege argument, for ikkje å seia falske. Dei fortel ikkje at det nesten ikkje er varige arbeidsplassar i vindkraft. Bortsett frå ei hektisk utbyggingstid, sit ein att med øydelagd natur og nesten ingen varige arbeidsplassar.

Dersom ein i staden satsar tungt på tiltak for energisparing, spesielt i bygg, blir det mange gongar så mange arbeidsplassar med den same offentlege støtta, og det blir langt meir frigjort energi. Og som ein stor bonus: ingen øydelagd natur.

Storheia vindkraftanlegg på Fosen skal produsere 1 TWh kraft. For å få fram krafta frå Storheia trengst det nye kraftleidningar som vi skal betale; minst 1,5 milliardar i støtte til Storheia aleine. 4 øre/ kWh for elsertifikat i 15 år, gir 0,6 milliardar i støtte. I tillegg kjem kort avskrivingstid på 5 år og inga grunnrente, naturressursskatt, konsesjonsavgift og konsesjonskraft som vasskrafta må ut med. Om vi legg saman alt dette, blir det godt over 3 milliardar i total støtte til Storheia vindkraft i løpet av 25 år for 1 TWh kraft. I tillegg kjem verdien av øydelagd natur, men den reknast aldri med.

Energisparing er langt rimelegare

I 2013 sa Enova dette om potensialet i energieffektivisering: «Det er beregnet at det må investeres rundt én milliard per innspart TWh» (Teknisk Ukeblad 27.04.13 om industri). Det er mange tiltak for energieffektivisering som er nesten gratis, som ikkje får støtte frå Enova, og som det ikkje er oversikt over. Om vi ser bort frå dei rimelege tiltaka, og berre held oss til det som får Enova-støtte, trengst det ca 0,8 milliardar i støtte for 1 TWh frigjort kraft, basert på Enovas årsrapport. Ein brøkdel av støtta til ny vindkraft.

Energisparing gir mange varige arbeidsplassar

Dersom vi satsar på energisparing i bygg, blir det mange arbeidsplassar, både i byggnæringa og i industrien som leverer byggmaterial. Tiltak som gir 1 TWh meir spart energi i bygg kvart år, gir minst 8.000 varige arbeidsplassar i følgje fleire utgreiingar, og meir kan det bli; forskarar på Sintef og NTNU seier at vi kan spare 40 TWh i bygg fram mot 2040.

Som ein ekstra bonus; mange prosjekt for energisparing er «gryteferdige» for igangsetting, og vil raskt kunne avhjelpe situasjonen under korona-krisa. Regjering og Storting må mangedoble Enovas budsjett for støtte til energisparing og gjera det enklare å få støtte. Kvite sertifikat som premierer energisparing, må koma i staden for dagens naturfiendtlege støtte til ny vindkraft.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags