Gå til sidens hovedinnhold

Elevar overraska bebuarane på sjukeheimen

Forrige veka ønska elevane på filmskuespiller-linja ved Nordmøre Folkehøgskule å bruke litt tid på å gjere noko for andre. Elevane har vore opptekne av kor heldige dei er som har fått lov til å leve saman som ein stor familie i haust, og ville gjerne glede nokon som har opplevd meir isolasjon og einsemnd under koronapandemien enn det dei sjølv har gjort i haust.

Difor har dei skrive julekort og laga små juleglede-pakkar til alle dei 61 bebuarane på Surnadal sjukeheim.

Tysdag var heile klassen oppe på sjukeheimen for å overlevere gåvene til einingsleiar Marit Mo Kvendbø på smittevernvennleg vis, og fekk til og med lov til å overrekke helsing personleg til to av bebuarane, som sette stor pris på omtanken.

Kommentarer til denne saken