Eksportvegen Molde-Åndalsnes

Gløym Møreaksen, skriv Frank Sve (Frp).

Gløym Møreaksen, skriv Frank Sve (Frp).

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kva varer som blir produsert i Molde og Kristiansundsområdet skal til Ålesund? - og kva varer som blir produsert i Ålesund skal til Molde?

Eksportvegen og «navlestrengen» til Møre og Romsdal går frå, -Ålesund E-136 til Bjorli, - og Nordmøre og Moldeonrådet, Åfarnes- Sølsnes og FV64 til Åndalsnes og E-136 ut av fylket.

Gløym Møreaksen, bygg Langfjordkryssinga og ny FV 64 Molde-Åndalsnes som fyrste fjordkryssingsprosjekt i Romsdalsregionen. Seinere kan traseen nord-sør ved Romsdalsaksen koblast på, fyrst ved bygging av flytebru over til Hjelset, seinere fjordkryssinga sørover frå FV64 til Sekken og vidare mot Vestnesområdet.

Å tru at ein kan få innarbeidd fleire titals milliard Kr i eit prosjekt, over 3 mil med tunellar, mengder med rundkøyringar, under fjorden 300-400 m, og igjennom Molde by slik Møreaksen galskapen legg opp til, er berre å gløyme fyrst som sist!

Flytebru over Langfjorden, er både praktisk, fornuftig, billig og miljøvennleg.

Torgeir Dahl, kva er realistisk og kva trenger næringslivet i Romsdalsregionen? Eksportvegen Molde- Åndalsnes og fjordkryssingsprosjekt over Langfjorden, eller galskapens akse, Møreaksen?

Alle veit at Møre og Romsdal ikkje får fleire titals milliard Kr i ny NTP. I gjeldande Nasjonal transportplan frå 2018-2023 ligg det vegprosjekt her i fylket til 4,4 milliard Kr, fleire prosjekt i Romsdalen utan at ein meter veg er bygd til no, sjølv med romsdalingen Helge Orten som leiar av transportkomiteen.

Det er derfor berre realistisk at ny NTP gjeldande for Møre og Romsdal, konsentrerer seg om Eksportvegen E-136, Ålesund - Bjorli og prosjekta der som pri nr 1, samtidig som eksportvegen Molde- Åndalsnes FV64 med Langfjordkryssinga vert prioritert som Riksvegsamband i planen. Møreaksen øydelegg for Eksportvegen E- 136 og for realiseringa av samferdselsprosjekta i heile Romsdalen.

Frp kjem til å kreve i forhandlingane med regjeringa, Møreaksen fjerna, og at Eksportvegen E-136 samt ferjefri eksportveg Molde-Åndalsnes med Langfjordkryssinga vert prioritert i Romsdalen. Dette som realisering av fyrste del av Romsdalsaksen.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken