Gå til sidens hovedinnhold

Eit demokratisk problem: Kvifor svarar ikkje politikarane?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når politikarar utfordrar kvarandre i media, svarar dei alltid. Når «lekfolk» utfordrar politikarar, svarar dei sjeldnare. Kvifor er det slik? Det skulle då vere slik at politikarane sjølvsagt skulle svare folket som hadde valt dei som sine representantar når dei treng å få svar, og for å få sine representantar i tale. Så kvifor er det ikkje slik? Har vi ikkje same rolleforståinga? Er det politikarar som ser på si rolle som ein rett, og ikkje ei forplikting?

Døme: I fylket sine største aviser i vår stilte eg spørsmålet: «Kva gjer fylkespolitikarane?« Spørsmålet var knytt til Statens vegvesen (SVV) sine vurderingar og konklusjonar i deira rapport om Romsdalsaksen i desember i fjor. Då ingen svarte på dette, retta eg spørsmålet til dei to mest sentrale politikarane i denne saka, fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) og leiar av samferdselsutvalet i fylket, Kristin Sørheim (Sp), i dei same avisene:

«Korleis har dei politiske partia overhalde sine lovnader om å gå inn for at Romsdalsaksen skulle utgreiast, og korleis har dei aktuelle fylkeskommunale organa fylgt opp dette? Meiner de at denne lovnaden er innfridd? I tilfelle ja, ver venleg å vurdere dette i lys av dei alvorlege skuldingane om juks som Statens vegvesen Midt er skulda for. I tilfelle nei, kva vil de gjere med det?« Framleis utan å få svar.

Oppskrytt?

Er demokratiet i Noreg for oppskrytt og for lite gjennomsiktig? Beskyttar makta seg sjølv ved å gjere seg utilgjengeleg og distansere seg frå folket, og ved å nekte å oppgi grunnar for sine val, og nekte å svare på motførestellingar når det er «folket» som spør. Vil ikkje dette bidra til politikarforakt og motstand mot å engasjere seg? Og såleis sementere tilhøvet mellom «oss» og «dei»? Eg innrømmer gjerne at dette gjer meg både skuffa og sint. Dette bidrar til passivitet, det motsette av det de seier de ynskjer.

Statens vegvesen nektar å respondere på skuldingar om juks i den store, viktige og særdeles kostnadskrevjande aksesaka. Eg hadde mykje kontakt med Statens vegvesen Midt (SVVM) og fekk mange opplysande svar inntil 2020. Men då stoppa informasjonsflyten opp. Frå eg byrja å stille spørsmål ved deira konklusjonar om kostnadstal for Romsdalsaksen gjekk det mange månader og mange purringar, til og med trussel om å klage, dersom dei nekta å svare. Til slutt hadde eg nok til å kunne stille spørsmål ved deira kostnadstal og konklusjonar i rapporten. Desse tala sto i grovt misforhold til SVV sine konklusjonar om kostnadar for Romsdalsaksen, som forventa i favør av Møreaksen. Dette var då reint juks! Noko dei ikkje har gjort forsøk på å forsvare seg mot!

Manglar legitimitet

SVVM, som har konkludert med at dei ikkje vil tilrå at Romsdalsaksen skal byggjast, fekk likevel oppdraget med å vurdere dette alternativet (eller eit liknande alternativ) opp imot «sitt» MA! Deira konklusjonar manglar dermed legitimitet, og er så oppkonstruerte, at dei blir skulda for juks! At dei nekta å respondere på dette resulterte i at dei mista siste rest av tillit frå ein stor del av folket i Møre og Romsdal. Rapporten osar av «uløyselege» problem for RA og ei samansetjing av kostnadstala som berre kan karakteriserast som juks. Med manglande tillit har SVVM utspelt si rolle i Møre og Romsdal i lang tid. Og dei politikarane som gøymer seg bak SVVM sitt juks, og attpå alt nektar å svare på kritiske spørsmål om dette, dei kan ikkje forvente å bli tatt på alvor. Dei bidrar til at fogderidanninga i fylket vårt skyt fart. Det var ikkje akkurat dette vi trong i eit fylke med mange snubletrådar.

Tar ikkje ansvar

Før fylkestingsvalet var det mange som åtvara mot Senterpartiet sitt truverd når leiaren, Kristin Sørheim, forsikra at partiet ville stemme for ei utgreiing av Romsdalsaksen. Eg var ein av dei som meinte at vi måtte ta partiet på alvor i denne lovnaden. Ei åtvaring kom ved at Lien stilte spørsmålsteikn ved Sørheim sin lovnad. At Senterpartiet tydelegvis aksepterer at lovnaden er oppfylt ved SVV sin jukserapport, og nektar å svare på spørsmål om dette, viser kor mykje Sørheim sin lovnad var verd. Det er ei tid før valet, ei heilt anna etter. Vi er nok mange som ikkje lar oss lure av Senterpartiet sine falske lovnader igjen. At fylkesordførar Torve frå Møreaksenpartiet Ap heller ikkje tar ansvar for å ta stilling til om nemnde rapport svarar ut fylket si «bestilling», tyder berre på ansvarslaus hjelpeløyse.

Er det slik du kjem til å ivareta folket sine interesser i framtida, Torve?

Kommentarer til denne saken